Svein Inge Buhaug kjem opphaveleg frå Årdal og var såleis på heimebane da han tok seg opp den 11,5 km lange løypa med 1010 høgdemeter stigning. I mål var han 1.46 framføre Tvedt, etter å ha leia med 50 sekund da 6 km og 400 høgdemeter var unnnagjort. I motsetnad til mange av dei andre motbakkeløpa på Vestlandet går Heirsnosi Opp på veg, og Jon Tvedt kjem nok sterkare tilbake når han igjen får gleda av å klyve ur. 10 sprang Heirsnosi Opp på tid medan 18 fullførte Duatlonen. I Timeklubben, som startar 400 m over havet, deltok 38. Kollisjonen med Det Norske Fjellmaraton var nok ikkje gunstig for deltakinga i Heirsnosi Opp.
Resultat Heirsnosi Duatlon Resultat Timeklubben "Buhaug suveren til tusen" - i porten.no "Slo Jon Tvedt i Heirsnosi Opp" - i Sogn Avis Bilete på heimesida til Heirsnosi Opp |
Artikkelen fortsetter under annonsen