EM-vinnar Anita Håkenstad Evertsen er storfavoritt.
8. juli i år vann Anita sensasjonelt EM i motbakkeløp i Pyreneane i Frankrike. 11. august er ho storfavoritt til å ta sitt tredje strake NM gull med klar margin. Omlag 250 er pt. påmelde til Turtagrø-Fanaråken Opp med NM i motbakkeløp for senior og veteran, men det er alfor få jenter.
Europameistar Anita Håkenstad Evertsen som også er dobbelt Noregsmeistar i motbakkeløp stiller i spissen for Norges-eliten i motbakkeløp, men ho etterlyser fleire jenter!
Hennar sterkaste konkurrent Kirsten Melkevik Otterbu som tok bronse i EM må delta i NM baneløp 5.000 og 10.000m same helga for å førebu seg til VM maraton i Japan 2. september.
I år kan dei sjå ut til at den lokale løparaen Merete Helgheim, Gloppen, som i fjor tok bronse-medalje i NM i motbakkeløp vil rykke opp til sølvmedalje på Fanaråken. I fjor var ho vel 6 minuttar bak Anita i den same løypa.

Den dobbelte Noregsmeistaren Jon Tvedt ( Gular IL) er sjølvsagt også påmeld og er favoritt til å ta sitt tredje strake NM-gull. Jon har vist variabel form i år og kanskje vil han få tøff motstand av Svein Inge Buhaug , SK Vidar ( Fødd i Årdal) som blei best av dei norske i EM.

Sjå bilde-reportasjen frå EM her !

Årets NM blir ein knalltøff konkurranse i herreklassa om dei tre medaljane i seniorklassa. Tormod Tjørnhom ,KIF, som tok bronse i fjor har lyst på edlare metall i år. Det har også verdsmeistar i vintertriatlon og vinnar av Fanaråken Duatlon Arne Post. Post vil også springe det han kan for å vinne samanlagtprisen på kr. 7.500 til raskaste løpar i Sognefjellet Duatlon www.sognefjellet.no og Turtagrø-Fanaråken Opp
www.fanaraaken.com

For å vinne denne prisen må Post slå Alf Roger Holme , Eidsvoll CK med 1 min. 42 sek.
I dameklassa er det Marthe Katrine Myhre, Gjøvik Skiklubb som er storfavoritt til å vinne denne prisen. Ho har eit forsprang på over 11 minuttar på Hilde Håkenstad, Roterud IL.

Andre toppnamn som er påmelde til NM i motbakkeløp er: Skiskyttaren Hans Martin Gjedrem, Valldal IL, som i 2005 blei Noregsmeistar i 20 km skiskyting og bronsemedaljevinnar i NM motbakkeløp. Morten Eilifsen, Rindals Troll, som vart nr. 4 i NM i Skåla 1848m rett opp i 2005 som 21-åring og ikkje minst Kristen Skjeldal, Voss Friidrett som vart nr. 4 i NM i motbakkeløp i 2006. Den lokale skiløparen Bjarne Nes, Sogndal IL , har også potensiale til ei topp-plassering.
Foto+Christian+Presteg%E5rd.+%0D%0AAnita+H%E5kenstad+Evertsen+like+f%F8r+m%E5l+og+EM-gull+i+motbakkel%F8p+8.+juli.+Anita+h%E5par+at+dei+beste+skijentene+vil+stille+opp+i+NM.+I+2005+fekk+ho+t%F8ff+konkurranse+av+Kristin+St%F8rmer+Steira+som+klarte+%E5+f%F8lgje+Anita+nesten+heilt+til+m%E5lstreken+i+NM+i+Sk%E5la+1848m+rett+opp.+Kanskje+ville+Therese+Johaug++klare+%E5+gje+Anita+konkurranse+om+NM-gullet%2C+men+det+f%E5r+vi+neppe+svar+p%E5.+Svaret+f%E5r+vi+berre+dersom+ho+stiller+opp.+Motbakkel%F8putvalet+i+NFIF+pr%F8vde+etter+beste+evne+%E5+f%E5+Therese%2C+Kristin++og+fleire+andre+skijenter+med+p%E5+laget+til+EM%2C+men+fekk+negativt+svar.+Det+er+mange+som+hevdar+at+Noreg+ogs%E5+hadde+teke+gull+i+lagkonkurransen+i+EM+med+Therese+p%E5+laget%2C+men+det+blir+dessverre+berre+spekulasjonar.+Noreg+hadde+teke+gull+i+lagkonkurransen+dersom+vi+hadde+hatt+ei+tredje+dame+p%E5+laget+som+hadde+sprunge+inn+til+13.+plass+og+vore+mindre+enn+5+minuttar+bak+Anita+%21
Foto Christian Prestegård. Anita Håkenstad Evertsen like før mål og EM-gull i motbakkeløp 8. juli. Anita håpar at dei beste skijentene vil stille opp i NM. I 2005 fekk ho tøff konkurranse av Kristin Størmer Steira som klarte å følgje Anita nesten heilt til målstreken i NM i Skåla 1848m rett opp. Kanskje ville Therese Johaug klare å gje Anita konkurranse om NM-gullet, men det får vi neppe svar på. Svaret får vi berre dersom ho stiller opp. Motbakkeløputvalet i NFIF prøvde etter beste evne å få Therese, Kristin og fleire andre skijenter med på laget til EM, men fekk negativt svar. Det er mange som hevdar at Noreg også hadde teke gull i lagkonkurransen i EM med Therese på laget, men det blir dessverre berre spekulasjonar. Noreg hadde teke gull i lagkonkurransen dersom vi hadde hatt ei tredje dame på laget som hadde sprunge inn til 13. plass og vore mindre enn 5 minuttar bak Anita !
Nytt i år ! Konkurranseklassar også for 14-15 åringar og 16-17 åringar !
Arrangøren IL Fanaråk ønskjer også å få større fokus på dei yngste aldersgruppene i konkurranseklassane og har delt opp aldersgruppa 14 - 22 år i 4 klassar for både kvinner og menn. I fjor var yngste klasse : 16-17 år . I år er minstealder i konkurranseklassane senka til 14 år og yngste aldersklasse blir 14-15 år. Deretter 16-17, 18-19 år og 20-22 år. Vidare oppover blir det som før.

Sjå praktisk info på løpets heimeside www.fanaraaken.com

Det har vore stor interesse frå dei yngste aldersgruppene og pr. 17. juli var det om lag 40 påmelde i klassane 14-22 år og heile 20 av desse i kl. 14-15 og 16-17 år. Eg trur at denne endringa er særs positiv og bør bidra til større deltaking i dei yngste aldersgruppene og til nyrekruttering til motbakkeløp generelt. Resultatlistene rundt om viser at 14-15 og 16-17 åringane hevdar seg relativt betre i forhold til klassane over enn dei gjer i tradisjonelle gateløp. For å markere denne endringa er det sett opp ekstra-premie til vinnarane av yngste klasse.
Foto+Anne+Jenny+Dvergsdal.+Jon+Tvedt+h%E5par+at+det+b%E5dde+blir+mange+trimmarar+ute+i+l%F8ypa+og+det+blir+stor+deltaking+i+dei+yngste+aldersklassane+som+han+sikre+nyrekrutteringa+til+ein+idrett+p%E5+opptur+%21
Foto Anne Jenny Dvergsdal. Jon Tvedt håpar at det bådde blir mange trimmarar ute i løypa og det blir stor deltaking i dei yngste aldersklassane som han sikre nyrekrutteringa til ein idrett på opptur !
Motbakkeløpfest med over 500 deltakarar på Fanaråken 2.068 moh.
I år har NM-arrangementet naturleg nok fått mykje fokus, men arrangøren IL Fanaråk, ved primus motor Anders Fortun, ønskjer meir fokus på trimklassa for alle i Turtagrø-Fanaråken Opp. Motbakkeløp-bølja i Sogn og Fjordane skuldast ikkje minst den store oppslutninga frå vanlege trimmarar og turgåarar. Det er trimmarane som lagar den praktfulle stemninga og inspirerar konkurranseløparane til topp innsats.

Fjorårets kjempe-suksess med 1280 deltakarar i Skåla 1848 m rett opp skuldast ikkje minst at 753 trimmarar hadde gått opp på toppen før konkurranseklassa med 527 deltakarar starta og laga ei praktfull stemning og entusiastisk ramme rundt målområdet 1848 moh ved Skålatårnet då NRK TV sende dei storslagne TV-bildene ut til heile Noreg. Arrangøren IL Fanaråk vil oppfordre alle trimmarar til å ta turen til Fanaråken 11. august. I Storehesten Opp i Bygstad i Gaular Kommune deltok over 800 trimmarar 30. juni i år då 960 kom til topps på Storehesten 1209 moh. I fjorårets NM i Saudehornet Opp laga minst 600 trimmarar ei praktfull stemning på toppen og oppover løypa.

Arrangøren etterlyser det same engasjementet hjå Sogningane. I fjor hadde løpet opp til Fanaråken samla nesten 400 deltakarar og dette talet bør i år auke til over 500 med minst med 150 trimmarar frå Indre Sogn ! Her kan dei delta i eit arrangement som er unikt i Europeisk målestokk med den høgaste målgangen i noko løp i nord-europa 2.068 moh.

Anders Fortun ønskjer å understreke at det i år ikkje er etterpåmeldingsgebyr i trimklassa i Turtagrø- Fanaråken Opp. Dessutan er kontingenten redusert heilt ned til kr. 75 for ungdom. Sjå meir info på www.fanaraaken.com.

For å gjere ekstra stas på dei yngste deltakarane trimklassa vil Den Norske Turistforening (DNT) som driv Fanaråkhytta stå i målområdet og dele ut sine flotte DNT-Buff.

Det blir høve til å etterpåmelde seg ved starten ved Turtagrø Hotel frå kl. 08.00-10.00. Alle trimmarar blir oppfordra til å starte så tidleg som råd for å vere på toppen ved Fanaråkhytta når dei fyrste i konkurranseklassane kjem i mål ca. kl. 12.00 !