Pressemelding | ||||
I den samanhengen har det vore spekulert litt om maratonløpet som går gjennom dette området...... | ||||
Ein har hatt tre aktuelle alternativ: Det første var å nytte Kjøshammartunnelen i tillegg til ei ekstra sløyfe før denne. Søknad vart sendt vegvesenet, noko som litt stivbeint vart avslege. Kanskje arrangementet ikkje er stort nok ?????? I desse femten åra har vi hatt løparar frå Sverige, Danmark, Finland, Tyskland, Sveits, Frankrike, Holland, England, USA og Australia. Arrangementet skulle såleis vere internasjonalt nok !!!!!!!! Andre alternativet var å avlyse arrangementet. Det tredje var å køyre løpet i originaltraséen. Det har i det siste vore gjort undersøkingar i området. Det kan ikkje påvisast at rasfaren er noko større enn tidlegare. På dette grunnlaget har arrangementskomiteen valt det tredje og siste alternativet: Hornindalsvatnet maraton vil gå som planlagt laurdag 28. juli. I tillegg til dei eksisterande distansane maraton, halvmaraton og minimaraton vil også 10 km stå på programmet. På vegne av Hornindalsvatnet maraton Inge Asbjørn Haugen Anne Raftevold Olav Rune Seljeset | ||||
| ||||
Lenker: Dugnad i 2004 Vegen rydda i 2005 Stengd turveg Hornindalsvatnet maraton si heimeside |
Artikkelen fortsetter under annonsen