Tok to maraton på 22 timar | ||||
| ||||
Artikkelen er henta frå: SUNNMØRSPOSTEN av Anne-Mari Tomasgard Tok to maraton på 22 timar Først skøyta Eivind Skjerven ein maraton på rulleskøyter. Morgon etter tok han joggeskoa på og sprang same distansen Eg hadde som mål å gå på same tid på rulleskøyter som han som vann maratonløpet. Og det rare er at eg slo han med tre sekund, ler Eivind Skjerven. Det var Haile Gebrselassie frå Etiopia som vann Berlin maraton siste helg. Skjerven frå Stryn veit ikkje kva plass han kom på, men han er imponert over vinnartida til etioparen på 2.05.56. Sjølv var han altså tre sekund raskare på rulleskøyter, men fleire timar etter med joggesko, då han sprang inn på tida 5.50.51. Første gong Rulleskøyteløpet starta halv fem laurdag ettermiddag. Og det blei ikkje mykje tid til restitusjon. Halv sju dagen etter måtte Skjerven opp for å rekke starten i maratonløpet klokka ni. Den ivrige mosjonisten frå Stryn har sprunge fleire halvmaraton i sitt liv, men aldri før heilmaraton. Ei maratonløype er på 42.195 meter. Eg har sagt før at eg skal springe maraton i Berlin. Der veit eg det er flatt og at det er flott stemning. Det var veldig mykje folk ute i gatene, og mykje oppmuntring under vegs, fortel han. Klar til kamp 7.000 deltok i rulleskøyteløpet. Skjerven fortel at det også var fleire på hans eigen alder. Sjølv har han gått på rulleskøyter i seks-sju år, og meiner det er ei glimrande treningsform, også for folk som er begynt å dra på åra. Litt tungt var det på grunn av mykje gammal asfalt, men Skjerven hadde likevel krefter igjen mot slutten av løpet. Dei siste to-tre kilometerane gjekk eg forbi 200 stykke, fortel han. Dagen etter sprang Skjerven saman med 40.000 andre i gatene i den tyske hovudstaden. Eg var "fit for fight" igjen neste dag. Det er gøy med utfordringar, smiler han. Som 20-åring Men Skjerven vedgår at det er litt "crazy" å gjennomføre to maratondistansar på under 22 timar. På førehand hadde han på tredemølle fått testa puls-og oksygenopptaket, som viste at dette var som ein 20-åring. Meir spent var han på om kneet heldt, sidan han tok meniskoperasjon i fjor sommar. Men alt fungerte, og han var ikkje så veldig sliten etter dei to løpa. Eg greidde å disponere kreftene og halde igjen. Målet var å gjennomføre. Eg er sprintar av legning og har temperament, og ein må klare å roe seg ned, seier han. Stryningen er seniortrenar i Norges Mosjon- og Bedriftsidrettsforbund og er oppteken av at seniorar må halde seg i form. Sjølv trenar han annakvar dag. Og då legg han vekt på variert og lystbetont trening Her er heimesida til: BERLIN MARATHON Plasseringa til Skjerven var: 29477 og på rulleskøyter: 4800 |
Artikkelen fortsetter under annonsen