Siger til Joachim Brøndbo og Anita Buarøy Stenevik | ||||
| ||||
Elles hadde Olav Terum frå Aurland den sterke tida 30.53 i klasse 45-49 og Helge Brekke, AKS-77 i 65-69 fekk tida 34.39. I dameklassen vart sigersrekka til Hilde Mæhlum frå Vik broten, og første dame i mål var Anita Buarøy Stenevik frå Florø på 35.28. Men Hilde slit med ein strekk og tok med ro for ikkje å ta nokre sjansar 14 dagar før Holmenkollstafetten. Der har Vik-damene ambisjonar om å hevda seg i teten i klasse 9 etter nedrykket frå eliteklassen i 2005. Ein lei motvind gjorde det litt surt for deltakarane, men elles var det ein fin dag for dei som tok turen frå Dragsvik til Balestrand. Resultatliste på: www.esefjorden-rundt.net/ | ||||
|
Artikkelen fortsetter under annonsen