Årets Europameister til Skåla
Det er no endeleg stadfesta at årets ferske Europameister i motbakkeløp, Florian Heinzle (23 år) frå Østerrike, kjem til årets Skåla Opp. I tillegg kjem Martin Cox (36) frå England, med bl.a. andre plass i World Cup løp i motbakke.På damesida kjem dei tre siste års verdscupvinnar i motbakkeløp, Izabela Zatorska (43) frå Polen. Antonella Confortola (30), italiensk landslagsløperske i langrenn, og nr 3. i verdscupen i motbakkeløp sist sesong, vil og springe dei 1829 høgdemeterane frå Tjugen til Skålatårnet (på 1848 meter over havet). I tillegg kjem eit kobbel av norske eliteløparar og kjendisar til årets arrangement.
For meir informasjon eller bilde sjå www.skaala.no eller kontakt visepresident i Kondis, Christian Prestegård 995 21199
eller løpsleiar/underteikna (Erik Brendefur) på mobil 90 99 99 97.
Løypa er 8,2 kilometer lang, med ei gjennomsnittleg stigning på 22 %. Pr i dag er det påmeldt 487 deltakarar i konkurranseklasse og 203 i mosjonsklasse. Turen til Skåla er ei oppleving av dei sjeldne med utsyn over det ypperste av norsk vestlandsnatur med fjord, fjell og isbrear i skjønn forening!
Med vennleg helsing
HOTEL ALEXANDRA / LOEN IDRETTSLAG / SKÅLA OPP

Siste medlemssaker
Annonse