Resultatliste 42 km rett vest frå snøkledde Grøndalen: Frå venstre Anders Knut Molland, Ståle Danielsen, Oddny Ringheim, Per Gunnar Alfheim, Helge Hafsås like bak, Robert Gulbrandsen (nr 9), Sverre Solhaug, Harald Nilsen og Inge Asbjørn Haugen. Foto: Dag Frøyen Maraton: Helge Hafsås som vanleg utan konkurranse, her ein kilometer før mål. Sluttida var 2.36.50. Nr 1 på 5 km: Ole Henrik Bjørnseth kom inn på 17.21. Nr. 2 på 5 km: Torkil Terum, 18.13. Nr. 5 på 5 km: Stig Omar Eide, 20.16 Magnhild Myklebust vann damer 5 km på 22.46. Bjørg Reknes vart nr. 3 på 23.23. Per Gunnar Alfheim, nr. 2 på maraton, 2.59.09. Tom Roger Johansen vann halvmaraton på 1.16.34. Robert Gulbrandsen, nr. 3 på maraton, 3.02.36 Olav H. Kleppa, 5.09.16. Helge Fuglseth, 3.10.27. Odd Harald Gram frå Vik vart nr. 2 på halvmaraton på 1.27.30. Halvmaraton: Einar Strand, 1.28.23. Chris Rinde, 1.29.20. Audhild Hestad, nr. 2 på halvmaraton, kom i mål på 1.31.28. Ståle Danielsen, 3.18.11. Rune Horgen, 1.33.27. Anita Stenevik, nr. 3 på halvmaraton, 1.33.49. Dagmund Ramsdal, 3.21.04. Tom Steen, 3.22.07 Arvid Tangerås, 3.22.51 Jan Solheimslid, 1.39.14. Anders Knut Molland, 3.25.57. Johnny Svein Fløtre, 1.41.00. Kåre Fauske, 1.41.31. Jan Arve Solheim, nr. 2 på 10 km på 35.01. Kjell Raa, nr 3 på 10 km på 35.44. Odd Rognebakke, 36.44 på 10 km. Norunn Stavø vann 10 km i år igjen, tida vart 41.55. Anne Lise Rygg, nr. 2 på 10 km, 47.40. Liv Astrid Losnegaard, nr. 3 på 10 km med 47.47. Inge Asbjørn Haugen og Rune Holme, hhv 3.48.24 på maraton og 48.36 på 10 km. Arne Tvedt (4.21.49) og Hans Jacob Berntsen (4.21.49). Hans Jacob har delteke 15 gonger i heilmaraton i Rett Vest. David Johnson går på United World College, er 17 år og gjorde ein flott debut på heilmaraton med 3.37.35. Då er tittelen "Übermensch" gitt av skulekameratane (under) vel fortent! United World College stilte med eit mannskap på 9, fordelt på heilmaraton, halv og 10 km. Frå venstre Zmicer Kozhukh, Kip Sumner, David Johnson, Tiziano Colombero, Laszlo Jakab og Boris de Klein. Maratonløypa er så fin at ein nesten kan bli freista til å ta det ekstra med ro. Etter å ha gjort unna den flotte førstedelen ut Grøndalen, Norddalsfjordbrua (som i motsetning til dei fleste andre bruer berre har motbakke...) og rundar Sundefjellet, kjem storhavet til syne. Det er ei god oppmuntring når ikkje alt går like leikande lett som det gjorde inni dalen. Og det er god plass på vegane, vi kunne godt vore nokre hundre til utan at det hadde vorte trangt. Resultatliste Sjå også Artikkel og biletserie i Firdaposten. Samleside Rett Vest Fotograf i løypa: Joar Eide Fjellestad Assistent: Kaia Eide Fjellestad Oddny Ringheim bergen@kondis.no |
Artikkelen fortsetter under annonsen