Løpsleiar Fortun med Skagastølstindane i bakgrunnen
Foto%3A+Christian+Presteg%E5rd
Foto: Christian Prestegård
Ein særs nøgd løpsleiar , Anders Fortun , er her fotografert på Turtagrø med Skagastølstindane i bakgrunnen: Biletet er teke på Startstreken for motbakkeløpet Turtagrø-Fanaråken Opp som også er vekslingsfeltet mellom sykkel og løp i Fanaråken Duatlon: Anders er allereie igong med førebuinga til neste år arrangement. Sjølv om han og heile funksjonærstaben har fått mykje ros for den tekniske gjennomføringa i år har han planar om å gjera arrangementet endå betre til neste år. Målet er høgt, 2.068 moh, og Anders legg lista minst like høgt saman med arrangørstaben sin.
Røde Kors
Foto%3A+Christian+Presteg%E5rd
Foto: Christian Prestegård
TRYGGLEIKEN for deltakarane i eit så krevjande arrangement som Fanaråken Duatlon har fyrste prioritet og både arrangementet i fjor og i år gjekk utan at nokon vart skada. Ove Fortun, son til Anders, er leiar i Luster Røde Kors og har ansvaret for ei stor gruppe hjelpemannskap som er plassert oppover i løypa og ikkje minst på toppen der dette biletet er teke.
Praktfullt utsyn og vidsyn sørvestover fra Fanaråken
Foto+%3A+Anne+Jenny+Dvergsdal
Foto : Anne Jenny Dvergsdal
Dei som deltok i år fekk ikkje nyte det praktfulle utsynet frå toppen pga. tåke. Her kan alle sjå kor flott utsyn og vidsyn det er frå Fanaråken. Biletet er teke ved passering 1970 moh med kun 100 høgdemeter igjen til toppen. I år har det vore mange slike dager på Fanaråken. Den dagen dette biltetet blei teke var det 23 grader i Skjolden og 10 grader på Fanaråken. Nede bak ryggen til initiativtakararen Christian Prestegård ser vi m.a.ned til Lustrafjorden ved Skjolden og i bakgrunnen Jostedalsbreen. Dette arrangementet er unikt i europeisk målestokk og Christian er overtydd om at det neste år blir nærare 400 deltakarar ! Difor bør ein melde seg på tidleg av omsyn til deltakarbegrensninga på 300 i konkurranseklassane.

Fanaråken Duatlon – frå 0 – 2.068 m.oh. Årets høgste opptur !
Bildereportasje frå nord-europas tøffaste motbakkeduatlon


TERRA-prisen,
beste samanlagt tid i dobbelkonkurransen
Skåla 1843 m rett opp og Fanaråken Duatlon

Fanaråken Duatlon

Turtagrø – Fanaråken Opp: Konkurranseklassane

Turtagrø – Fanaråken Opp : Mosjonsklassa utan tidtaking

Resultater 2004




Fanaråken Duatlon Samleside