Bildereportasje frå nord-europas tøffaste motbakkeduatlon

Av Christian Prestegård

224 deltakarar til topps på Fanaråken den 21.august.
Fanaråken Duatlon - den 21. august blei ein praktfull opptur for både arrangøren IL Fanaråk og deltakarane . ( Sjå stor bildereportasje nedanfor ).
Aldri tidlegare har det i nord-Europa vore arrangert eit løp med så stor høgdeskilnad mellom start og mål som i Fanaråken Duatlon. Duatlon med 101 deltakarar starta i Skjolden, inst i Sognefjorden- verdas lengste fjord - med 16km sykling til Turtagrø, og vidare 8,4km løping/ gang opp til mål på Fanaråken ved nord-Europas høgstliggjande turisthytte, 2068m.o.h. Mosjonsløpet Turtagrø-Fanaråken Opp med 123 deltakarar starta samstundes i Turtagrø, 868 moh, med løping/gang til Fanaråken. Fanaråken Duatlon er unikt, og etter det Kondis har klart å finne ut , er det ikkje noko tilsvarande i Europa med så stor høgdeskilnad ( 2.068 m ) mellom start og mål.

Flotte TV-bilder fra løpet
NRK - TV 1 sendte frå løpet i programmet Norge i dag og i Vestlandsrevyen måndag 23. august med spektakulære bilder frå eit unikt løp i europeisk målestokk ! Grytidleg om morgonen løpsdagen stoggar NRK- fotografen Torje Bjellås på veg inn til Skjolden der han kunne filme Fanaråken som var dekka av eit slør av tåke 2.068 høgdemeter ovanfor starten inst i Lustrafjorden. Denne ”trolske” dagen får Torje saman med 224 deltakarar oppleve alle årstidene og det meste som fjord & fjellandskapet har å by på opp til Nord-europas høgastliggjande turisthytte. Pga. dårlege værmeldingar i dagane før løpet med utsikter for regn heile dagen, var det heile 52 av 276 påmelde som ikkje møtte til start. Det var nok mange som angra at dei ikkje deltok når dei fekk sjå TV-reportasjen med flotte løpsforhold opp til toppen ! På nedturen kom vinteren og dagen etter løpet var Fanaråken kledd i snø, men ikkje meir enn at det kunne vore arrangert løp denne dagen og !

Praktfullt arrangement
Aldri tidlegare hadde Anders Fortun, leiaren i IL Fanaråk, og funkjonærstaben hans hatt så mange deltakarar i noko idrettsarrangement i Skjolden – Fanaråken regionen. Arrangementet var ei stor utfording for eit lite idrottslag som den 21. august viste seg å væra best når det gjeld ! KONDIS – norsk organisasjon for kondisjonsidrett – vil både gratulere Anders Fortun og arrangørstaben hans med eit særs godt gjennomført arrangement og takke for godt samarbeid. Suksessen kjem etter grundige førebuingar det siste året med m.a. gjennomføring av testløp, testing av sambandsutstyr og tidtaking m.m. 2.068 m.o.h. Å arrangere løp frå 0 – 2.068 m.o.h. stiller bokstaveleg tala høge krav til den tekniske gjennomføringa som vart innfridd til terningkast seks av arrangøren ! Neste år den 27. august er IL Fanaråk klare til å imot minst 350 deltakarar inkl. trimklassa. Då vil arrangøren også åpne alle drikkestasjonane frå kl. 08.00 for å gje trimklassa i mosjonsløpet Turtagrø-Fanaråken Opp same service med drikke og mat som konkurranseklassane som startar kl. 10.00. I trimklassa, som har eit stort vekstpotensiale, vil dei starte tidleg for å nå det høge målet 2.068 moh før konkurranseklassane kjem stormande i mål . I trimklassa handlar det ikkje om tid men om å klare det og nyte (na)turen ! .. og den 21. august i år klarte alle det !

Orda strekk ikkje til
For meg som sidan 1990 har drøymt om å få oppleve eit løp frå fjorden i Skjolden til Fanaråken er det uråd med ord å klare å formidle inntrykka frå den store dagen saman med 224 glade deltakarar på toppen av Fanaråken. Forventningane til dagen var store , men dagen blei mykje større ! Eg let bileta ta over formidlinga..etter at eg har takka fotografane, Maia Johnsen Kvåle, Magne Rauntun og Mari og Kjell Vigestad for flotte bilder !


Bildereportasje fra Fanaråken Duatlon 2004


Invitasjon til 27. august 2005.
Sjå det praktfulle utsynet og vidsynet frå toppen ! !


Kampen om Sigeren i Fanaråken Duatlon og TERRA-prisen,
beste samanlagt tid i dobbelkonkurransen Skåla 1848 m rett opp og Fanaråken Duatlon

Fanaråken Duatlon

Turtagrø – Fanaråken Opp: Konkurranseklassane

Turtagrø – Fanaråken Opp : Mosjonsklassa utan tidtaking

Resultater


Fanaråken Duatlon Samleside