med ny pers: 2.29.29
   
 
Han har rett nok registrert ei litt betre tid tidlegare (2.28.34) - men den løypa var ikkje kontrollmålt. Hafsås ser ut til å gå mot ein god sesong. For tre veker sidan sprang han Rett Vest (i Florø) på 2.33.19, berre få sekund frå bestenoteringa si der ute.

Helge Hafsås sine maratonløp

Vi nemner at Trond Aarre, Eid IL sprang under 4 timar for første gong med tida 3.57.31
Aarre debuterte på maraton så seint som i april i fjor i Paris og er såleis ganske fersk som maratonløpar. Maratonsporten er ikkje større enn at vi absolutt treng fleire slike....

Det deltok fleire fjordingar med desse resultata:

Maraton:
Helge Hafsås, Olden IL 2.29.29 ny pers.
Inge Asbjørn Haugen, Hornindal IL 3.37.13 (årsbeste)
Lars Raae, Hornindal IL 3.57.03 (årsbeste)
Trond Aarre, Eid IL 3.57.31 ny pers.
Øyvind Watne, Gaular IL 3.57.35

Halvmaraton:
Einar Strand, Olden IL 1.27.08
Knut Sollid, Hornindal IL 1.35.33


Les meir om løpet på sidene til


kondis.no/MøreogRomsdal

og

Nettavisen spjelkavik.no