Les også Fanaråken duatlon: Europas tøffeste duatlon 28. 08 2004
 
Bli med på Nord- Europas tøffaste duatlon med samla høgdeskilnad mellom start og mål på 2.068 meter ! Her er du med og lagar idrettshistorie: Aldri tidlegare har det vore arrangert eit slikt løp med så stor høgdeskilnad mellom start og mål i nord-Europa ! Løpet startar med 16,0 km sykling ( på asfalt ) frå Skjolden/ Lustrafjorden til Turtagrø 875 m.o.h. og deretter 8,4 km løp/gang opp til Nord-Europas høgast liggjande turisthytte på Fanaråken 2068 m.o.h. I forhold til total løpsdistanse som er 24,4 km blir den gjennomsnittlege stigninga blir 8,5% ! Men måler vi stigninga frå Fortun etter 5,7 km sykling i tilnærma flatt terreng blir den gjennomsnittlege stigningsprosenten 11,1.
 
P.g.a. stor interesse for dette unike løpet har arrangøren Fanaråk IL i samarbeid med KONDIS- norsk organisasjon for kondisjonsidrett - valt å arrangere eit prøveløp allereie i år før neste års storsatsing. I årets prøveløp vært det kun arrangert duatlon frå Skjolden til Fanaråken med tidtaking og konkurranseklassar. Neste år den 28. august vert det dessutan samstundes arrangert lagkonkurranse med ein deltakar på sykkeletappa og ein på løpsetappa. I tillegg blir det trim-/turløp ( til fots !) frå Turtagrø til Fanaråken.
 
Startkontingent og påmelding
Det er i år gratis startkontingent for medlemer i KONDIS.
Andre er også velkomne til å delta mot kr. 150 i startkontingent. Du får då også automatisk medlemskap i KONDIS inkl abonnement på medlemsbladet KONDIS dersom du ønskjer det. For årets prøveløp er det sett eit tak på maks 50 deltakarar,- den som kjem fyrst til mølla..
 
Påmeldingsfristen er måndag 25. august.
 
Meld deg på snarast via nettsida til Fanaråken Duatlon http//www.fanaraaken.com Der finn du meir info om løpet. Ta gjerne direkte kontakt med Fanaråk IL ved Anders Fortun på tlf 91 87 00 44 epost:a-fortun@online.no for meir info om overnatting m.m.
Info får du også hjå medarrangør KONDIS ved
Christian Prestegård på tlf 99 52 11 99 epost: cp@terra.as
Gje melding til Anders Fortun dersom du treng transport med sykkel ned frå Turtagrø til Skjolden etter løpet eller har andre transportbehov. Slik det ser ut no vil dei fleste sykle ned frå Turtagrø til Skjolden eller har privat transport.
 
Påbudt med sekk på løpsdistansen frå Turtagrø til Fanaråken
som må vege minst 2,5 kg og forbod mot sko med harde piggar
Løpet er ei kraftprøve av dei sjeldne der alle deltakarane må ha sekk med minimum 2,5 kg på ryggen frå Turtagrø til Fanaråken. Vekta blir kontrollert straks etter målpassering. Deltakarane må sjølve bære med seg kle og mat for turen (både opp og ned!). Det skal vere varme kle i sekken, for det kan vere kaldt på toppen ! Sekken merkar du med ditt startnummer og namn ved startnummerhentinga i Skjolden frå kl. 09.00. Sekken leverer du seinast 15 min.før start til arrangøren som vil frakte den opp til Turtagrø. Den blir der lagt i ei rekke etter startnummer. Saman med sekken sender du også løpssko og div tøy både til å løpe i og til å ha på deg når du kjem ned frå Fanaråken
 
Trygg oppbevaring av sykkel og tøy m.m. på Turtagrø.
Når du set frå deg sykkelen på Turtagrø blir den passa godt på med godt vakthald
til du kjem ned frå Fanaråken. Tøyet ditt blir sjølvsagt oppbevart saman med sykkelen.
 
Racer- eller offroadsykkel på sykkeletappa ? – det er ditt val
Heile sykkeletappa går på asfalt. Frå Fortun til Turtøgrø er det svært bratt stigning . Du klatrar over 830 høgdemeter på 10 km. Dersom du brukar racersykkel bør du ha testa om det lettaste giret er lett nok for deg til så lang og bratt stigning. I prøveløpet er det fleire som vil sykle med smale slicks-dekk på offroadsykkel i staden for racersykkel fordi offroadsykkelen har lågare gir…
 
Drikke- /matstasjonar
I år blir kun ein drikkestasjon på sykkeletappa om lag halvegs ved Optun. Alle deltakarane får drikke til å fylle på drikkeflaskene før start. Det bør være nok til forbruket på heile sykkeletappa. Vidare blir det drikke og mat ( bananer) på Turtagrø, deretter drikke i Helgedalen der løparane forlet grusvegen og tek til på den bratte oppstigninga mot Fanaråken ( ca. 1.050 m.o.h) og den siste drikkestasjonen ca. 1700 m.o.h. Etter målpassering på Fanaråken blir det både mat og drikke .
 
Klasseinndeling og premiering
Klasseinndelinga i konkurranseklassa er lik for damer og herrar og føljer internasjonal standard etter råd frå KONDIS – norsk organisasjon for kondisjonsidrett:
D17-22, D23-34, D35-39, D40-44, D45-49, D50-54, D55-59, D60-64, D65-69 og D70+
M17-22, M23-34, M35-39, M40-44, M45-49, M50-54, M55-59, M60-64, M65-69 og M70+
Alle som fullfører er vinnarar og får deltakarpremie på Skjolden Hotel etter løpet
Raskaste mann og kvinne får dessutan ein spesiell gåvepremie frå Fanaråk IL. Neste år blir det dessutan spesiell premiering til dei 25% beste i kvar klasse i konkurranseklassane . Det vert også uttrekking av gåvepremiar blant alle deltakarane som møter opp på premieutdelinga. For å få godkjent deltaking må ein vere på toppen før kl. 15.00. D.v.s. at tidskravet er 4,5 timar i Duatlon-konkurransen. Vinnartida kjem truleg til å ligge i litt i overkant av 2 timar. Eg tippar 2t. 10 min.
Neste år blir det også arrangert stafett med ein deltakar på sykkeletappa og ein på løpsetappa. Då vil nok vinnartida bli under 2 timar.
 
Velkommen til Skjolden og Fanaråken den 30. august , og til å skape ny norsk idrettshistorie....med store praktfulle naturopplevingar "på kjøpet"......
No går alt til rett opp i vest !

Velkomen til eit unikt løp i praktfull natur !

 
Mvh

Christian Prestegård
KONDIS - norsk organisasjon for kondisjonsidrett
Tlf kontor 22 87 81 20, mobil 99 52 11 99
cp@terra.as
 
Les også Fanaråken duatlon: Europas tøffeste duatlon 28. 08 2004
Glad gjeng på toppen av Fanaråken
En glad gjeng på toppen av Fanaråken med Løpstraseen i bakgrunnen. Nede i dalen kan vi skimte Lustrafjorden der starten går 24,4 km unna.
 
Bak den raude toppluva ser vi grusvegen og den "lettløpte" delen av løpstraseen nede i Helgedalen ca. 1150 høgdemeter nedanfor..Der nede tok vi bilde nr.
 
(foto Christian Prestegård)
Fanaråken Turisthytte 2068 m.0.h.
Trykk på bilder for stor utgave
Ved denne hytta som er Nord-Europas høgastliggjande turisthytte 2068 m.o.h er du i mål !
(foto Anders Fortun)
Med Skagastølstindane i bakgrunnen.
Trykk på bildet for STOR utgave
Ved passering 1400 m.o.h med Skagastølstindane i bakgrunnen.
( foto Christian Prestegård )
Der er Fanaråken!
Der er Fanaråken ! Der oppe tok vi bilde nr. 1 med utsyn ned mot der vi står no i Helgedalen ca. 2,5 km inn i løpsetappa.
 
( foto Christian Prestegård )
Turtagrø hotel
Vi ser mot Turtagrø Hotel der du avsluttar sykkeletappa og tek til på løpsetappa. Etter 400 meter løping passerer du der denne fotografen står.
Feiring
Store og unike idrettsopplevingar og prestasjonar må feirast. Her ved Turtagrø Hotel med Skagastølstindane i bakgrunnen. I år blir premieutdelinga i Fjordstova i Skjolden. ( foto: Ole Drægni )