| | |
Ørjan Ravndal (til venstre) og Torgeir Nevland gir alt for å krysse mållinja først. (Foto: Solvår Gilberg Angeltveit) |
Det ca. 17 km lange turrennet gjekk i heller ufyseleg vêr sundag 17. februar. Det regna, og oppe på fjellet var vinden var så stri at fleire løparar hadde store vanskar med å halde seg i løypa. Likevel stilte 160 til start i rennet som bortsett frå tre avlysningar tidleg på 1990-talet har gått kvart år sia 1980.
Resultat, dei beste Kvinner 1 Tone Sundvor Bjerkreim IL 1:02.18 2 Inger Ravndal Gjesdal IL 1:11.42 3 Helene Lomeland Gjesdal IL 1:12.22 4 Toril Mjølne Gjesdal IL 1:13.58 Menn 1 Ørjan Ravndal Gjesdal IL 55.50 1 Torgeir Nevland Gjesdal IL 55.50 3 Asbjørn Ertsland Gjesdal IL 55.56 4 Joan Arne Hoås Helleland 55.59 5 Odd Gaute Andreassen Gjesdal IL 59.11 6 Bjørn Sundvor Bjerkreim IL 59.15 7 Roger Nevland Gjesdal IL 59.17 8 Hans Kristian Lahus Skarphedin 1:01.59 9 Bjøro Nevland Gjesdal IL 1:02.27 10 Arne Engen Sandnes Kommune 1:03.03 11 Knut Taugbøl Gjesdal IL 1:03.05 12 Roar Eie ConocoPhillips 1:03.09
Alle resultat
Alle vinnarar og resultat frå tidlegare løp |
Glade og slitne gutar kan gratulere kvarandre |
Dei tok med seg løypemerkinga i fallet, men miste ikkje humøret. Sigeren - og den spennande opplevinga - delte dei. (Foto: Solvår Angeltveit Gilberg) |
Litt mindre hektisk innspurt i kvinneklassen |
Tone Sundvor var langt mindre pressa og kunne skli over mål som suverent beste kvinne. 1.02.18 var sterkt av 18-åringen som er elev ved skigymnaset på Hovden. (Foto: Solvår Angeltveit Gilberg) |
160 løparar samla på startsletta |
Løparane hadde god plass heilt i starten, men etter om lag 300 meter snevra det inn til berre to spor. (Foto: Solvår Gilberg Angeltveit) |
Ørjan Ravndal var tidleg langt framme |
Ørjan Ravndal (startnr. 23) markerte alt frå start at han ville ha minst eitt ord med i laget, og til slutt kunne han ta sin første førsteplass. Mannen han delte sigeren med, Torgeir Nevland, vann for femte gong. (Foto: Solvår Gilberg Angeltveit) |