Årets største og mest praktfulle opptur ! | ||||
|
||||
Av Christian Prestegård Resultater Løpet som blei arrangert for fyrste gong i år er unikt i Nord-Europa og blei arrangementsmessig ein kjempesuksess der talet på deltakarar langt overgjekk det som både arrangøren ( Loen og Stryn Idrettslag i samarbeid med Hotell Alexandra ) og eg hadde trudd var mogeleg då marknadsføringa av løpet tok til i byrjinga av juli måned berre 6 veker før løpet. Bakgrunnen for suksessen ligg utan tvil i den praktfulle naturen og løypetraseen. Oppover løypa opplever du det beste av Vestlandet på ein tur frå fjord, gjennom skog til fjell og bre. På toppen får du ein praktfull ekstrapremie i den storslagne utsikten m.a. mot Lodalskåpa og Jostedalsbreen i aust og Loen og Nordfjorden i vest. På toppen av Skåla kan du dessutan varme deg i det mest spektakulere byggverket som er reist på nokon fjelltopp i Norge: Det runde Skålatårnet på 2 etasjar og med 22 sengeplassar. Dei 10 entusiastiske funksjonærane som hadde ansvar for målområdet gjekk opp til Skålatårnet kvelden før og overnatta her. Skålatårnet blei bygd på dugnad av lokalbefolkninga i Loen for over hundre år sidan etter initiativ frå den idealistiske doktor Klouman som ville bruke tårnet som tuberkulosesanatorium, noko det aldri blei. Gamle Klouman ville nok sjølv vore særs glad både for å sjå dei 360 sporty deltakarane ved Skålatårnet og alle dei entusiastiske og positive funksjonærane som viste at dugnadsånda lever i beste velgåande i Loen ! På imponerande vis har arrangementskomiteen på 6 veker mobilisert og organisert ein funksjonærstab på ca. 40 funksjonærar som m.a. har transportert alt nødvendig utstyr ved hjelp av Apostlenes hestar i ryggsekkar oppover fjellsida m.a. til dei 4 drikkestasjonane der det gjekk med ca. 500 liter drikke, til løypemerking og til tidtakingsutstyr til toppen. Dessutan stilte Olden Raude Kors Hjelpekorps med 7 personar fordelt oppover i løypa. Dei fekk lite å gjere. Det blei ikkje rapportert ein einaste skade blant deltakarane. Motbakketrening, . det er sunt og helsebringande det ! Etter målpassering på toppen tok alle deltakarane det med ro ned igjen. Det blei også tid til eit forfriskande bad i Skålavatnet ca. 1150 m.o.h. Rett nok må det seiast at ein av funksjonærane gav alt for å vise korleis det ikkje skal gjerast ! Han var sala på både med ein stor svart søppelsekk og ryggsekk som ei blanding av kløvjehest og Sherpa og tryna medan han var i fullt firsprang nedover fjellsida med heile børa på ryggen. Forslått og oppskrubba helt han fram i same farten heilt ned . Konkurransefart i utforbakke, det er farleg og skadeleg det ! Funksjonærstaben fekk også god hjelp av værgudane til å gjere arrangementet til ei solskinnshistorie i dobbel forstand (sjå dei 11 vedlagde bileta). Deltakarane i alle aldre frå 17 til 72 år og frå mange land m.a. New Zealand, Finland og Storbritannia strålte om kapp med sola ! To av dei som strålte aller mest var totalvinnaren i herreklassa Bjarne Nes frå Sogndal som fekk tida 1.20.03 og totalvinnaren i dameklassa Unni Ødegård frå Molde som kom i mål på 1.39.07. Imponerande tider ! Endeleg er det notert offisielle bestetider på turen opp til Skåla frå Tjugen i ein fast løypetrase som vil være lik frå år til år ! Eva Fuglestrand og Erik Brendefur i arrangementskomiteen seier at det er særs mange som opp gjennom åra har løpt opp bakkane til toppen av det populære fjellet Skåla for å slå rekordane som går på folkemunne. Dette er ein av hovudgrunnane til at løpet blei starta. I tillegg var det eit ynskje om å markere at 2002 er FN sitt internasjonale fjellår. 16. august 2003 er det nok mange som vil prøve å slå løyperekordane frå i år. Kven er Bjarne Nes ? denne for mange ukjente totalvinnaren av historiens første Skåla 1848 meter rett opp som løp på fantomtida 1.20.03 ? Bjarne Nes er ein 21 år ( f. 1981) gamal skiløpar frå Sogndal som for tida studerer i Trondheim der han har gode treningsforhold for skiløping. Bjarne fortel at han siste sesong var første års senior og hadde sin beste sesong som skiløpar med m.a. 21. plass i senior NM på 30km. Han legg vekt på at han er ung som skiløpar og vil skunde seg langsamt mot nye høgder som som skiløpar. Fornuftige ord frå ein 21- åring som også denne 47-årige skribenten og mosjonisten skal ta med seg i oppkøyringa mot 16. august 2003. Ovanfor skriv eg at Bjarne løp på 1.20.03, men han seier sjølv at han nok gjekk meir enn han løp og legg til at denne løypa passar svært godt for skiløparar som trenar mykje skigang i motbakke. Bjarne fortel at han merka stor skilnad i stegfrekvens på løparar som sprang og skiløparar som gjekk skigang med lange steg i starten. Løparane vann ingen ting på å springe i forhold til langrennsløparane som gjekk skigang i motbakkane. Bjarne viste godt kva han gjekk til då han starta. I fjor var han med på eit testløp opp til Skåla arrangert av Sogn og Fjordane Skikrins. Den gongen brukte han 1 time 23 min, men gjekk då ein ca. 800m kortare trasé rett opp ein bratt skogssti i starten, medan løpet føljer ein skogsbilveg i ca. 2 km. Då er det også for oss gamle løparar berre å sette i gong med å trene skigang i motbakke for å forbedre tida til neste år ! For 8 år sidan brukte eg sjølv 1 time 35 min på turen opp til Skåla og løp då minst 50% av tida. Mitt kondisjons- og løpsnivå var då tilsvarande persen 2.41.39 på maraton som blei sett året etterpå. Menneskekroppen er skapt for rask gang i motbakkane opp til Skåla ! Informasjonen frå Bjarne Nes er kjempemotivasjon for treninga til neste års Skåla 1848m rett opp. Du og eg treng ikkje å være i stand til å løpe for å få ei god tid. Dette skulle eg ha blitt minna på før start. I skrivande stund er kroppen til denne skribent i same skadeforfatning som den var i 1995 då eg måtte slutte med løping p.g.a. dei skadene som all asfaltløpinga påførte kroppen. Etter 7 års fysisk forfall og totalt fråvær frå løpsmiljøet var det ubeskriveleg herleg igjen å kunne få stå på startstreken med entusiastiske løparar og skiløparar for å gjennomføre det som for meg er den klare vinnaren når det gjeld fjellturar i Norge. I det praktfulle været tok det bokstaveleg tala av i starten av løpet. Det store feltet med 360 deltakarar raste ut i stor fart og eg blei dregen med i det slake partiet: Etter berre nokre minuttar løping fekk eg klar melding frå både legg / achilles og lysken. Ta det med ro ellers blir det full stopp ! Etterkvart blei det ein praktfull fottur under mottoet nyt (na)turen ! med målpassering på Skåla på 2 t. og 5 min. På toppen møtte eg kun særs blide, kjempenøgde og entusiastiske deltakarar som var samstemte i at dette freistrar til gjentaking ! Alle hadde planane klare om å forbetre tida til neste år. Det gjeld ikkje minst denne skribenten. Det er illusjon å tru at du kan skildra arrangementet Skåla 1848m rett opp utan å delta sjølv. Det er vanskeleg nok sjølv om du har delteke. I Aarbok 1926 frå Turistforeningen for Bergen By og Stift ( i dag Bergen Turlag) skriv sekretæren i foreninga: Sceneriet er slik at jeg vil avstaa fra ethvert forsøk på beskrivelse. Det må sees, opleves og ikke beskrives.. Har man klarvær har man et rundskue som sjelden byr seg selv i vort land, et Eldorado for fjeldelskere, for panorama-fotografer og malere . Sjølve traseen opp er i seg sjølv ei naturperle og på turen oppover er du omgjeven av utallige naturperler i den kontrastrike vakre naturen i Nordfjord. ( Sjå bileta under !) Vær tidleg ute med påmeldinga til løpet neste år ! Det kan bli sett ei grense for kor mange som får delta. Det at løpet fekk heile 360 deltakarar etter berre 6 veker marknadsføring seier mykje om den enorme interessa for dette praktfulle motbakkeløpet, ..og kva arrangøren kan vente seg av påmeldingar til neste år den 16. august ! For meir info ta kontakt med arrangøren ved Eva Fuglestrand på tlf 57 87 50 35 el Erik Brendefur på tlf 57 87 50 34. Vil du lese meir om Skåla 1848 m rett opp så kjem det ei større omtale med fyldig reportasje i KONDIS nr. 6 som kjem ut ca. 1. november. Dersom du har innspel til artikkelen i KONDIS så må du innan 1. september gje ei tilbakemelding til cp@terra.as |
||||
Frå starten på Skåla 1848m rett opp 17. aug. 2002 | ||||
360 glade og entusiastiske deltakarar like før starten på Nord-Europas vakraste og tøffaste motbakkeløp Skåla 1848 meter rett opp. Vi ser totalvinnar Bjarne Nes (startnr. 40) med bar overkropp litt til høgre for midten og Andre Haugsbø som blei totalt nr. 3 til venstre for Nes. Startnr. 112 er 48-åringen Gunnar Harstad som er ein av dei beste lokale veteranane både i løp og på sykkel. Han brukte 1.42,24 opp til Skåla. |
||||
Dei 3 beste herrane ved mål på Skåla 1848 m.o.h.. | ||||
Dei tre beste herrane. Frå venstre 30-åringen Roger Lillestøl frå Hornindal IL som blei nr. 2 på tida 1.21.31. Lillestøl blei klassevinnar i klasse 23-39 år. I midten totalvinnar 21-åringen Bjarne Nes frå Sogndal med vinnartida 1.20.03 og til høgre 23-åringen Andre Haugsbø frå Gaular IL som totalt blei nr. 3 med tida 1.21.47. Neste år får desse tre truleg drahjelp av den lokale skistjerna Odd Bjørn Hjelmeset, og då ser vi nok ei vinnartid godt under 1.20. |
||||
Dei tre beste i dameklassa | ||||
Dei tre beste damene. Frå venstre 19-åringen Kristin Hatledal frå Markane IL som blei totalt nr. 3 på tida 1.55.14. I midten totalvinnar Unni Ødegård ( 28 år) frå Molde med vinnartida 1.39.07 og til høgre Bodil Ryste (23 år) frå Molde som totalt blei nr. 3 på tida 1.51.55 |
||||
Totalvinnar Bjarne Nes like før han bryt målsnøret ved Skålatårnet 1848 m.o.h | ||||
Nes brukar den påkreva sekken med minimumsvekt 2,5kg som einaste påkledning på overkroppen og sparte nokre gram på det ! Han har også minimalisert startnummert og bretta bort sponsorane Alexandra og Terra. Neste år må heile startnummeret synast Bjarne ! Samtlege deltakarar må bruke sekk og det var kontrollveging av sekken både ved start og ved mål. Her hadde Bjarne god margin til minimumsvekta ! |
||||
Totalvinnaren i dameklassa Unni Ødegård i den siste kneika før mål | ||||
Unni Ødegård frå Molde på veg opp den siste kneika før målpassering på vinnartida 1.39.07. I bakgrunnen har vi praktfullt utsyn sør-vestover ned mot Nordfjorden 1800 høgdemeter nedanfor. |
||||
Bodil Ryste frå Ørsta i siste kneika før mål på Skåla 1848 moh | ||||
Bodil Ryste frå Ørsta i dei siste trappetrinna før målpassering på Skåla 1848 m.o.h. Rett bak Bodil ser vi Vesleskåla som er 1270 m.o.h. og lenger sør ser mot to andre flotte turmål Seciliekruna 1717 m.o.h og Snønipa 1829 m.o.h. |
||||
Dei kom begge i mål på same tid 1t. 44 min. 39 sek. | ||||
Dei lokale løparane Jan Erik Sandbakk frå Loen fremst og Øystein Heggheim frå Jølster bak i eit lettløpt parti like før mål. Dei kom i mål på same tid: 1t. 44 min.39 sek. |
||||
Funksjonærgjengen på toppen har all grunn til å juble etter eit praktfullt arrangement | ||||
Funksjonærgjengen ved mål på toppen av Skåla har all grunn til å juble over eit praktfullt og særs godt gjennomført arrangement både av funksjonærar og deltakarar. I midten Anne Jenny Dvergsdal frå Oslo; med slektsrøter i Stryn, Utvik og Jølster, som dagen før løpet flytta seg over frå mosjon utan tidtaking til konkurranseklassen med tidtaking. Det angra ho ikkje på ! Tida blei 2t. og 13 min. og det plasserte ho totalt som nr. 9 av 19 damer i Konkurranseklassa. Det var mange mosjonistar som etterpå angra på at dei ikkje også deltok i klassa med tidtaking ! |
||||
Flott utsyn nedover øverste del av løypetraseen | ||||
Flott utsyn nedover den øverste delen av løypetraseen frå Skålatårnet. Nedturen blei også ein stor opptur ! |
||||
Frå den nederste delen av løypa på skogsbilvegen | ||||
Frå den nedre delen av løypa like før den svingar opp i den bratte skogsstien frå skogsbilvegen etter ca. 2 km. I bakgrunnen flott utsyn mot Hotell Alexandra. Fotoet er ein rekonstruksjon, ved artikkelforfattaren, frå løpet 5 timar tidlegare som blei gjort på nedturen frå Skåla. Då biletet blei teke var det + 26 grader celcius og strålande sol. |
||||
Unni Ødegård med det flotte bildet av Skåla som ho fekk i 1. premie | ||||
Til høgre for flagget bak Unni Ødegård ser vi Skåla ! Der løp Unni opp tidlegare på dagen på berre 1.39.07. Unni viser her fram den flotte litografien av Skåla som Reidun Kjærstad Gytri har laga. Unni og Bjarne Nes fekk denne som premie for totalseieren i dame og herreklassa. I tillegg hadde arrangøren teke på seg spanderbuksa og delte ut premiar til alle 15 klassevinnarane og dei 25% beste i kvar klasse. Dessutan var mange gåvepremiar uttrekte blant dei som fullflørte ! Alle deltakarane kan dessutan få kjøpt litografien for kun kr. 1.848 utan ramme. Ordinær pris er kr. 2.200,- Ta evt. kontakt med Eva Fuglestrand på tlf. 57 87 50 35. |
||||
RESULTATER | ||||
D 17-22 år |
Artikkelen fortsetter under annonsen