Dei beste langdistanseløparane stiller opp. Og kvar av vinnarane i seniorklassane dreg av garde med 10 000 kroner i pengepremie. I kvinneklassa er Marianne Andersen frå Nydalen klar favoritt. Ho har nettopp komme heim med to sølvmedaljar frå EM. Ho blir sterkt utfordra av det lokale håpet Gøril Fristad frå Askvoll. Alle medaljevinnarane frå i fjor er med i herreklassa. Dei tre Jarkko Houvila frå Halden, Jon Tvedt IL Gular og Ivar Haugen Kristiansand OK (opphaveleg frå Bergen) er nok å rekne med i tetkampen også i år. Men denne gongen stiller Hans Gunnar Omdal frå Øvrebø og Vindbjart og tidlegare verdsmeister Bjørnar Valstad frå Bækkelaget. Desse vil nok gje dei tre førstnemnde hard kamp om sigeren. Den mest profilerte idrettsutøvaren i startfeltet er Kristen Skjeldal frå Voss IL, mest kjend som skiløpar. Av juniorane er nok Ingunn Hultgreen Weltzien stor favoritt i dameklassa. Av herrane må vel ålesundaren, fjorårets juniorverdsmeister Olav Lundanes finne seg i eit lite favorittstempel. Han representerer Østmarka OK. Kilde: Pressemelding NOF Kondis.no tips H21 1 Jarkko Huovila 2 Bjørnar Valstad 3 Jon Tvedt D21 1 Marianne Andersen 2 Gøril Fristad 3 Maria Hoffman D17-20 1 Ingunn Hultgreen Weltzien H17-20 1 Olav Lundanes Relatert link: NM ultra-lang |
NM ultra-lang til helgen
Dei tøffaste idrettsutøvarane i Norge møtest i Førde laurdag. Då skipar Førde IL til årets norske meisterskap i Ultra langdistanseorientering med vinnartid for herrane på 2, 30 og for damene på 2 timar. Løypelengdene er på 23,3 (herrar) og 15,6 km (damer). Over 200 deltakarar stiller opp. Det er ny rekord.
Siste medlemssaker
Annonse