Navn:
Olav Lundanes

Født:
11.11.1987

Sivil status:
Singel

Bosted:
Eikenos

Utdannelse/yrke:
Går tredje året på økonomisk og
administrativ linje ved Spjelkavik vgs.

Klubb:
Østmarka OK

Tidligere klubber:
Emblem IL

Oppvekststed:
Eikenos
Hvordan kom du inn i orienteringsmiljøet:
Som orienteringsløpere flest har eg foreldre som begge spring orientering. Blei dratt med på o-løp frå første våren, og i fleire år trudde eg at alle i Norge sprang orientering, berre at dei var på eit anna løp i dag. Kanskje blir det slik ein dag?

Har du en spesiell treningsfilosofi:
Eg har alltid trent mykje rolig trening, og heller satsa på god kvalitet på dei harde øktene. O-teknisk trening stressar eg ikkje med i vinterhalvåret, da eg heller prøver å få trent mest mulig på ski. For min eigendel føler eg at kroppen treng ei pause frå o-teknisk trening i vinterhalvåret. Når våren då kjem er eg fryktelig sugen på å trene o-teknikk og springe konkurransar, så får eg heller bruke dei aller første løpa som trening. Eg styrer heilt unna bruken av pulsklokke, då eg trur det er betre å lære seg sjølv å kjenne kroppen sin ut og inn. Pulsen er for meg ikkje noko anna enn eit tal, medan dei signala som kroppen gir er meir representative for korleis tilstanden er. Det viktigaste er at ein har trua på det ein sjølv held på med. Eg likar også best å trene aleine, då treninga blir akkurat slik eg vil ha den.

Trener(e) som har hatt betydning for deg:
Kenneth Buch har hjulpet meg med det meste etter at eg kom til Østmarka OK. Styrer det meste av den fysiske treninga sjølv, medan Kenneth bidrar spesielt med den mentale treninga.

Har du hatt noen større skader i karrieren:
Leger mykje vekt på å variere treninga og ha derfor unngått dei store skadene. Eg har derimot eit lite godt immunforsvar, som gjer at eg er alt for mykje sjuk i løpet av året.

Hvordan har prestasjonsutvikling din vært:
Eg gjorde mange grove bommar på det flate Austland, dei første åra som gutteløpar. Lærde litt etter litt og forlot gutteklassane som ein relativt stabil o-løper. Som juniorløper har framgangen fortsett, og det har eg ambisjonar om å halde fram med.

Beste mesterskapsplasseringer:
To gull og fjerdeplass frå junior-VM 2005 i Sveits
To individuelle sølv frå NOM på Notodden 2005
To gull, fire sølv og ei bronse frå NM 2004 og 2005
To gull frå Hovedløpet 2002 og 2003

Beste løp noensinne:
Junior-VM langdistanse er det beste løpet eg har sprunge. Hadde forberedt meg så godt eg hadde hatt muligheten til og eg var heilt i min eigen verden nesten heile løpet i gjennom.

Favorittløp:
Alle orienteringsløp er jo artige, men eg har alltid likt langdistansa på O-festivalen.

Er det noen løper(e) som har imponert deg spesielt:
Har alltid vore fascinert av utøvere som er "best når det gjelder". Dette har vore utøvere frå andre idrettar enn orientering. Mi meining er at det kan vere mykje fornuftig å hente frå andre idrettsgreiner også.

Hvordan har 2005 sesongen vært i forhold til målsetninger og forhåpninger?
I løpet av sesongen overgjekk både målsetningane og forhåpningane som eg hadde før sesongen, men det viktigaste har uansett vore prestasjonane og ikkje resultata. Det er framleis mykje å hente på gjennomføringa av løpa.

Målsettinger for kommende sesong?
Eg skal først og framst utvikle meg som orienteringsløper, både fysisk, o-teknisk og mentalt. Eg skal også få ut alt eg er god for under junior-VM i Litauen.

Har du gjort noe spesielt på treningsfronten for å forbedre deg foran kommende sesong?
Aukar treningsmengda foran kommende sesong, men kjem til å gjere mykje av den samme treninga som eg gjennomførte i fjor. Prioriterer trening på flat terreng i større grad enn eg gjorde i fjor.

Deltar du i andre kondisjonsidretter ved siden av orientering?
Eg har gått langrenn om lag like lenge som eg har sprunge orientering. Går ganske jamt i begge stilartar. Har aldri hevda meg i toppen av resultatlista, men tek Norgescup-poeng på brukbare dagar. Likar meg betre dess lengre løypa er, og eg har gått Birkebeinerrennet to av to gongar under 3 timar. Deltek også av og til på bedriftsløp og har sprunge halvmaraton ein gong.

Hobbyer utenom trening og konkurranser:
Bruker ein del tid på synfaring og reinteikning både av små og store kart. Prøver også til ein viss grad å henge med på skulen.

Favorittsider på nettet om kondisjonsidretter:
www.kondis.no
www.opn.no
www.langrenn.com

Alle foto er levert av Olav Lundanes