Løyperekorden til Jon Tvedt i Buff Fanaråken Opp blir verna | ||||
| ||||
Tekst og foto Christian Prestegård Løpsleiar Anders Fortun i Buff Fanaråken Opp seier til kondis.no at arrangør IL Fanaråk i Viktig praktisk løpsinfo på www.fanaraaken.com har kunngjort at det i år ikkje blir nokon løyperekordpremie fordi det er gjort endringar og store forbetringar av løypa. Sjå bildeserien nedanfor ! I staden er det sett opp ein ny pengepremie i 2009 på kr. 3.000 til raskaste norske kvinne og mann under 20 år ( d.v.s med fødsdelsår 1995-1990) for å stimulere nyrekrutteringa til motbakkeløping. (Til info er juniorklassa i EM og VM i motbakkeløp 17-19 år ). Denne premien kjem i tillegg til dei øvrige premiane og pengepremiane på tilsaman kr. 36.000. I tillegg har arrangøren i samråd med fjelloppsynsmannen i Luster endra løypa innerst i Helgedalen der den følgjer grusvegen i svingane opp mot drikkestasjon og ikkje den smale stien. Løypa er om lag 250 meter lenger, men blir totalt sett raskare til topps på Fanaråken 2.068 moh ! Løypa er no 8,6 km lang med 1200 m stigning. Difor har arrangør IL Fanaråk bestemt at løyperekordane til Anita Håkenstad Evertsen på 1.05.53 frå 2007 og Jon Tvedt på 57.18 frå 2008 blir ståande til evig tid i den løypa som vart nytta frå 2004-2008. Difor vil det f.o.m 2010 bli ny løyperekordpremie dersom nokon spring raskare enn vinnartidene frå i år. | ||||
Spektakulært stibyggingsprosjekt utført av sherpaer frå Nepal ! Det er utruleg kva dei har utretta på nokre veker med spett, slegge og rå muskelkraft ! | ||||
| ||||
| ||||
| ||||
| ||||
| ||||
Sherapene Dawa og Taphen frå Nepal er ekspertar på å byggje stiar med berre hendene. Dei er engasjerte for å forbetre stien opp til Fanaråken. Det er Statens naturoppsyn ( SNO ) i samarbeid med Fylkesmannen og tilsynsutvalet i Jotunheimen Nasjonalpark som står bak restaureringa av den historiske stien frå Helgedalen i Luster og opp til Fanaråkhytta på 2.068 moh. Fanaråkhytta er den høgastliggjande turisthytta i nord-Europa og eit særs populært turmål. Den 8. august er Fanaråkhytta arena for den største folkefesten så høgt til fjells i Noreg med omlag 600-700 deltakarar som går i mål i Buff Fanaråken Opp. Det er venta at ekstra mange trimmarar i år vil ta turen opp på Fanaråken den 8. august for å sjå dei omfattande forbetringane og restaureringa av den populære stien. | ||||
| ||||
| ||||
| ||||
| ||||
| ||||
| ||||
Vi får dessverre aldri meir oppleve Jon utfolde seg i dei bratte bakkane opp til Fanaråken eller i andre bakkar. Her ser vi Jon på veg til sitt tredje strake NM-gull i motbakkeløp under NM i Fanaråken Opp 2007 | ||||
| ||||
| ||||
Denne reportasjen vert avlutta med eit foto frå 1250 moh med ei sterk oppfording til ALLE om å følgje bodskapet på skiltet: FØLG STIEN ! Dette gjeld ikkje berre dei som skal delta i Buff Fanaråken Opp 8. august, men alle som tek turen opp til Fanaråken. Vegetasjonen i området er sårbar og det har vorte eit stort nett av ulike stiar oppover spesielt frå omlag 1100 moh til 1600 moh. Dei som under løpet ikkje følgjer den merka stien kan bli diska. I år vil arrangøren merka løypa ekstra godt også med raude "Slalomportar" i 50 cm høgde i tillegg til dei raude T-ane og merkeband. Aldri tidlegare har det vore meir attraktivt å følgje hovudstien. Der sherpane er ferdige meg jobben sin er det ikkje tvil om kor løypa går ! | ||||
Sjå førehandsreportasje på kondis.no 19. juli MERK AT ARRANGØREN STENGER PÅMELDINGA I KONKURRANSEKLASSENE TORSDAG 6. AUGUST KL. 16.00 !! Etterpåmelding i trim utan tidtaking er mogeleg også løpsdagen ved start på Turtagrø før kl. 09.00 mot etterpåmeldingsgebyr på kr. 50. Sjå Viktig Løpsinfo ! Sjå også reportasjene frå Buff Fanaråken Opp på Kondis.no: 2008 2007 med NM i motbakkeløp Og veka etter Buff Fanaråken Opp går Adidas Skåla 1848m rett opp . Også i Skåla Opp løypetraseen er eit omfattande stiprosjekt i full gang. Sjå: www.skaala.no. I dag er det der eit stort dugnadsarbeid som dei nesten 2000 deltakarane der vil få stor glede av. Også OPPTUREN til Skåla blir lettare og raskare |
Løyperekorden til Jon Tvedt i Buff Fanaråken Opp blir verna
Siste medlemssaker
Annonse