Tekst og foto Christian Prestegård Lagbilde foto: Pete Hartley
Alle resultat Resultat Lagkonkurranse
Infoside EM i motbakke-fjelløp 2009 www.emrc2009telfes.org |
| | |
Heile det norske laget samla på åpningsseremonien. Frå høgre mot venstre: Dei to i seniorklassa Øyvind Heiberg Sundby (Tjalve) og Terje Aggvin (Gular). Deretter juniorane Didrik Tønseth (Strindheim), Jørgen Bye Brevik (Strindheim) og Sjur Prestsæter (Lillehammer). Heilt til venstre lagleiar Christian Prestegård.
Etter suksessen i EM 2007 med Gull og Bronse til Anita Håkenstad Eversten og Kirsten Melkevik Otterbu var det ambisjoner om å stille med lag i alle klasser senior og junior damer og herrer i årets EM. Dessverre kunne ikkje Anita og Kirsten stille pga skader og vi ser at EM i motbakkeløp midt i Juli gjer at mange av dei beste ikkje kan bli med m.a. pga at baneløp og andre meistarskap, U23 og VM i friidrett i August, blir prioritert. Då blir det lettare å stille våre beste lag når VM i motbakkeløp går i September neste år. Motbakkeløparar er jo ekspertar på å takle motbakkar på ein offensiv og positiv måte ! Det er ikkje mange norske representasjonslag til internasjonale meistarskap i friidrett der 60% av deltakarane har teke medalje. Det gjorde det norske laget i EM i motbakkeløp 12. juli 2009 !Foto Pete Hartley |
|
Herrar Junior |
| | |
18-åringen Didrik Tøseth, Strindheim, på opptur mot ein flott 6.plass individuelt i juniorklassa og norsk sølvmedalje i lagkonkurransen. Her har Didrik akkurat starta den siste 2km lange og bratte oppstigninga mot mål med 20-25% stigning. Dei siste 4 km før gjekk på rask småkupert grusveg med kun 3-6% stigning. Løypa stig totalt kun 200m på frå 3,6 km til 7,8km. Sjå foto nedanfor. Dei siste 6km av den 9,4km lange junior- og damer senior-løypa minna svært mykje om Fanaråken Opp - løypa som du kan springe 8. august i år. Foto Christian Prestegård |
|
| | |
Frå det 4 km lange raske midt-partiet av løypa omlag 1700 moh. Foto Christian Prestegård |
|
| | |
18-åringen Jørgen Bye Brevik, Strindheim vann i år Juniorklassa i NM i motbakkeløp i Geiranger 13. juni. Der slo han Didrik Tønseth på dei siste hundre metrane. Her med 2km til mål er Jørgen 25 sek bak Didrik. I mål vart avstanden auka med 13 sek til 41 sek.. Jørgen fekk tida 53.51 på 9 plass, medan Didrik på 6 pl. sprang på 53.13. Foto Christian Prestegård |
|
| | |
19-åringen Sjur Prestsæter, Lillehammer, på veg mot ein flott 11. plass i EM og han bidrog til å sikre norsk EM-sølv i lagkonkurransen. Sjur sprang på 54.14 på eit svært jamnt norsk lag med kun eit minutt mellom Didrik på 6. plass og Sjur på 11. plass. Foto Christian Prestegård |
|
| | |
Tre juniorar som kombinerer langrenn med motbakkeløping på høgt nivå redda dagen for Noreg i EM. Her kan Sjur, Didrik og Jørgen slappe av og nyte utsynet og vidsynet frå målområdet 2250 moh. Foto Christian Prestegård |
|
Herrar Senior |
| | |
Øyvind Heiberg Sundby, Tjalve, kom rett frå Høgdetrening i Boulder i Colorado og fekk betalt for det mot slutten av løpet som hadde mål på 2250 moh. Øyvind og den andre norske deltakaren i seniorklassa Terje Aggvin løp saman i store delar av den 11km lange løypa med 1300m samla stigning. Øyvind vart til slutt nr. 26 av 80 i seniorklassa på tida 1.03.42, medan Terje fekk tida 1.04.13 på 32. plass. I EM i 2007 vart Svein Inge Buhaug beste norske løpar på 24. plass og avstanden på 5 min fram til Vinnaren Ahmet Arslan var den same for Buhaug i 2007 som den var for Heiberg Sundby i år. Foto Christian Prestegård |
|
| | |
Terje Aggvin med kun eit minutt i igjen til mål og sluttida 1.04.13. Då Terje vart beste nordmann i det siste uttakingsløpet til EM i Lønahorgi Opp på Voss 20.juni sprang han sitt fyrste motbakkeløp. EM i Østerrike vart det andre. Dette gav meirsmak og allereie fyrstkomande laurdag spring han Kvasshovden Opp saman med Øyvind Heiberg Sundby. Foto Christian Prestegård |
|
| | |
Mål er ikkje på ein fjelltopp slik det ofte er i motbakkeløpa i Noreg. I EM og VM er mål ofte der vegen eller gondolbana sluttar. I EM og VM må det vere veg til mål for transport av sekkar m.m. Foto Christian Prestegård |
|
| | |
Arslan Ahmet, Tyrkia, vann EM i motbakkeløp i år som i 2007. Foto Christian Prestegård |
|
| | |
Marco De Casperi, Italia, vart nr. 2 i år som i 2007. I år var avstanden fram til Ahmet Arslan 43 sek. I 2007 var den 11. sek. Foto Christian Prestegård |
|
| | |
Sebastien Epiney, Sveits, vann bronsemedaljen, 53 sek bak vinnaren. |
|
Damer Junior |
| | |
Det vart trippel-siger til Tyrkia i damer junior. Her nr. 1 Derya Altintas og nr. 2 Elif Karabulut. Her skulle Noreg gjerne hatt Karoline Bjerkeli Grøvdal på startstreken. Ho kunne ha teke turen som ei treningsøkt i pulssone 3-4 og vunne EM-gull med god margin. I staden sprang Karoline eit motbakkeløp på Åndalsnes. |
|
Damer senior |
| | |
Marina Strähl, Sveits vann dameklassa i år like suverent som det Anita Håkenstad Evertsen vann EM-gull i 2007. I 2007 var Martina nr 4, 1 min. og 41 sek bak Anita. Foto Christian Prestegård |
|
| | |
Valentina Belotti, Italia, nr. 2 i dameklassa 49 sek bak Martina. Foto Christian Prestegård |
|
| | |
Arrangøren hadde plassert Spania og Noreg saman på eit lite hotell med det treffande namnet MONTANA.
Monica Ardid, Spania, vart nr. 26 i dameklassa. Foto Christian Prestegård |
|
Premiepallen i lagkonkurransen herrar junior |
| | |
Norsk jubel på pallen i lagkonkurransen. Italia vann med plassiffer 20, Norge hadde 26 og GBR på 3. plass 32. |
|
Fleire foto frå herrar junior |
| | |
Yusuf Alici, Tyrkia leiar med 10 sek på Xavier Chevrier 2 km frå mål. Yusuf vart Europameistar på 50.29 med Xavrier 16 sekundar bak på 2. plass. Foto Christian Prestegård |
|
| | |
Candide Pralong, Sveits, vart nr 3 på 51.39. Didrik Tønseth på 6 plass sprang på 53.13 og var 1 min. og 34 sek bak ein pallplass individuelt. Både Didrik og Jørgen er junior-løparar også neste år og erfaringa frå i år var god å få med seg fram mot neste års VM i motbakkeløp. Foto Christian Prestegård |
|
| | |
Dei siste 2km var det mange stader uråd å springe forbi. Her ved passering 2000 moh tauar Christian Mai frå Tyskland på to løparar. Mai vart nr. 48 av 59 fullførande i juniorklassa på tida 1.01.21 over 8 min. bak Didrik. |
|
| | |
Roman Samsonov, Russland, sprang skoa av seg og fullførte med ein sko i handa. Den andre låg att langt nede i fjellsida. Foto Christian Prestegård |
|
|
|
|