Frå Lønahorgi Opp på Voss til EM i motbakkeløp 12. juli ? | ||||
| ||||
Arrangøren tek i mot påmeldingar utan etterpåmeldingsgebyr heilt fram til dagen før løpet. Sjå info på www.vossoppturar.no og artikkel på kondis.no om Lønahorgi Opp som eit av tre uttakingsløp til EM i motbakkeløp 12. juli. ... Lønahorgi Opp er ikkje berre for eliten, det er ein OPPTUR for alle enten dei vil delta med tidtaking eller i trimklassen utan tidtaking. Trimklassane startar frå Bavallstunet der løypa svingar seg oppover i og langs alpinbakken | ||||
| ||||
Lønahorgi Opp er den løypa i Noreg som ( fram til siste uttak 20. juni) er mest lik EM-løypa for herrar junior og senior og damer senior. Når vi ser på løypene i EM og VM dei siste 6-7 åra så er Lønahorgi Opp eit gjennomsnitt av desse løypene spesielt når det gjeld løpsunderlag, men også når det gjeld løypeprofil. Lønahorgi Opp-løypa er 10,4 km lang med 1040m høgdeskilnad mellom start og mål. Løypa har 1080 m samla stigning. Det er ein unnabakke med eit samla fall på 40 meter. Løypa går på breie skogsvegar /grusvegar med noko grasunderlag opp delar av alpinbakken. Traséen er tilpassa dei internasjonale krava for å kunne arrangere EM el. VM. Dei første 2,5km går på asfalt. Deretter ei blanding av brei sti/turveg/skogsveg, eit kort parti med grasmark, men hovudsakleg grusveg. Løypa har ikkje farlege parti og har heile vegen god breidde ( stort sett 2-3 meter ) for forbiløping. Sjå bildene av løypa nedanfor. Lønahorgi Opp er tildelt NM i motbakkeløp 2010 og i år blir Lønahorgi Opp det siste av tre løp som aktuelle kandidatar kan vise seg fram i og få testa EM-forma i ei relevant løype. HER ! kan du sjå korleis det gjekk i forrige EM i motbakkeløp då Anita Håkenstad Evertsen vart Europameistar og Kirsten Melkevik Otterbu vann bronse-medaljen. | ||||
Lønahorgi Opp i bilder frå start til mål | ||||
| ||||
Nedanfor har Tore kome seg frå asfalt og ut i eit lettløpt skogsterreng på brei skogssti opp mot Bavallstunet der trimklassa skal starte. | ||||
| ||||
Mange av EM - og VM løypene både for senior, junior og veteran har gått på grusvegar og breie turvegar i og rundt alpinanlegg. Biletet nedanfor viser den delen av Lønahorgi Opp-løypa som går rett opp alpinbakken. | ||||
| ||||
| ||||
| ||||
Løypekrav for EM og VM i Motbakkeløp | ||||
| ||||
Lønahorgi Opp-løypa oppfyller alle løype-krav for å kunne arrangere EM og VM i motbakkeløp Fullstendige krav, retningsliner og reglar finn du på heimesida til World Mountain Running Association www.wmra.info. Sjå under Regulations for World Mountain Running Trophy og punkt 3. COURSE REGULATIONS i dokumentet Technical Regulations. I EM og VM må det m.a. vere veg til topps fordi løparane ikkje skal springe med sekk. Sjå også Artikkel som eg skreiv om dette temaet på kondis.no i 2005. Artkkelen hadde tittelen: Fjelløping - en verdensidrett på opptur med mange varianter ! | ||||
Artikkelen fortsetter under annonsen