Langrenns-eliten dominerte i Bergstoppen Opp på Gjøvik | ||||
| ||||
Det 6 km lange motbakkeløpet på Gjøvik har gjort seg bemerka med årets tyngste løpsnamn: NorEngros Johs. Olsen løpet. ( Eg kallar løpet Bergstoppen OPP !). Her skulle sponsorane fram i lyset ! Sjølve løypa ,derimot, er blant dei lettaste motbakkeløpa i Noreg med ein høgdeskilnad mellom start og mål på kun 310 meter og ein gjennomsnittleg stigningsprosent på kun 5%. Løypa starta i sentrum av Gjøvik, omlag 125 moh, og målgangen var på Bergstoppen, omlag 435 moh. Den fyrste kilometeren opp frå sentrum gjekk på asfalt, resten i skogen/lysløype og noko grusveg. Etter vel ein kilometer gjekk løypa rett opp alpinbakken Hovdebakken som har 19 grader stigning, og frå toppen av alpinbakken gjekk det rett utfor med et fall på omlag 60 meter på 500m. Iflg. høgdemålaren min hadde løypa ei samla samla stigning på 370m.
Alle resultater nederst i reportasjen | ||||
| ||||
Praktfull og variert løype. Flott atmosfære. Topp nasjonal elite-deltaking, men altfor få mosjonistar og vetanløparar | ||||
Det er ikkje ofte motbakkeløparar opplever å bli tiljubla av så store mengder tilskodarar dei siste 600-700 metrane opp til mål som på Bergstoppen. Det var reine Tour de France-stemninga ( Sjå bildene !) Arrangøren, Norsk utvikling as og Gjøvik skiklubb, hadde sikra seg god PR for arrangementet ved at den norske langrenns-eliten hadde lagt inn deltaking i løpet som avslutning på treningssamlinga på Gjøvik. Dette trakk massevis av tilskodarar, men altfor få deltakarar. I løpsinvitasjonen inviterte arrangøren DEG til å måle kreftene mot langrenns-eliten. Denne utfordringa var det nesten berre topp-trente unge idrettsutøvarar med stor overvekt av skiløparar som hadde sagt ja til. Aldri har eg tidlegare delteke i eit motbakkeløp med så høgt nivå blant deltakarane og aldri tidlegare har eg relativt sett hatt så få deltakarar bak meg i mål. Rett nok er eg blitt 52 år, men eg er jo i betre form enn eg har vore dei siste 12 åra. Men i dette løpet var det ikkje lagt opp til at vi "gamlingane" skulle delta for her var eldste klasse 50 år +, og det var berre 4 av oss som hadde meldt oss på. Til samanlikning var heile 45 av 200 deltakarar over 50 år i årets NM i motbakkeløp i Turtagrø-Fanaråken Opp. 20 var over 60 år og eldste deltakar var 78 år ! I Skåla 1848m rett opp var meir enn 100 over 50 år og 43 over 60 år av dei 525 deltakarane i konkurranseklassane. Neste år bør arrangøren følgje dei vanlege klasseinndelingane med 5 års klassar frå 40 år og oppover t.o.m. 70-74 år, Eldste aldersklasse bør være + 75 år og ikkje + 50 år. Då kjem nok veteranane strøymande til løpet i alle aldersklassar. For ein 50 åring skal ikkje konkurrere i same klasse som ein 60-, 69- el. 70-åring. I år hadde nok ikkje arrangøren fokus på å få med den eldre generasjon og mosjonistane. I år skulle arrangementet gjerast kjent og det har Tom Henning Hovi & Co i arrangementsstaben lukkast betre med enn dei fleste andre arrangørar. Det er ikkje mange som har klart å få både TV2-sporten og NRK TV-sporten til å sende frå eit nystarta løp uansett kva løps-kategori det er snakk om. Kondis.no gratulerer med flott PR for motbakkeløping. Noreg teng fleire slike raske og varierte motbakkeløyper i bynære områder, som også har publikumsappell, for å sikre vidare positiv vekst og utvikling av ein idrett som er på kraftig Opptur: MOTBAKKELØPING | ||||
| ||||
| ||||
| ||||
| ||||
| ||||
| ||||
| ||||
Praktfullt utsyn og vidsyn utover Gjøvik og Mjøsa frå Bergstoppen 435 moh. | ||||
Kondis.no takkar OPPLAND ARBEIDERBLAD ved Tommy Gullord for bildene og godt samarbeid. Eg deltok sjølv i kurranseklassane og då skal det godt gjerast å klare å springe så fort at eg kan ta bilder av dei beste ved målpassering. Det er det kun Jon Tvedt som gjer. Etter målpassering i NM Motbakkeløp 2007 tok han opp fotoapparatet frå sekken og tok bilder av Kristen Skjeldal som kom på 2. pl og dei som kom like bak. Dette kan du sjå i TV-programmet om Jon Tvedt som kjem i Faktor på måndag 1. oktober kl. 19.55. ÅRET DET VAR SÅ BRATT heiter prgrammet som du kan lese meir om her på kondis.no/motbakke. Året det var så bratt på NRK TV1, 1. oktober Oppland Arbeiderblad har markert seg som ei av dei aller beste avisene i Noreg når det gjeld å dekke den kondisjonsidretten som veks mest i Noreg: MOTBAKKELØP. Det har dei også ein særs god grunn til ettersom den tripple NM-vinnaren og årets Europa- og Verdsmeistar i Motbakkeløp Anita Håkenstad Evertsen kjem frå Beitostølen i OPPLAND ! | ||||
Alle resultat for konkurranseklassane. Totalt 93 fullførande | ||||
K 13-16 år |
Artikkelen fortsetter under annonsen