VM i Langdistanse-fjelløp som på engelsk offisielt heiter WMRA WORLD LONG DISTANCE MOUNTAIN RUNNING CHALLENGE blir i år arrangert for fjerde gong. Les meir om dei ulike distansane og variantane av Fjelløping som det blir arrangert EM og VM i ein artikkel som eg skreiv på kondis.no for nøyaktig to år sidan. Klikk her ! Fjelløping. Verdensidrett på OPPTUR med mange variantar I år er VM i Langdistanse-Fjelløp lagt inn i Jungfrau Marathon i Sveits som er eit av dei aller tøffaste maratonløpa i verda. Den 42195 meter lange løypa startar i Interlaken 566 moh og mål er 2100 moh i Kleine Scheidegg ( Grindelwald). Høgdeskilnaden mellom start og mål er 1534m , men den samla stigninga er på 1839 m. Det høgste punktet i løypa er 2.205 moh og det er er fleire unnabakkar i løypa. Les meir om løypa og årets VM her: www.jungfrau-marathon.ch | ||||
| ||||
Her kan du friske opp att minnene frå 8. juli då Anita tok EM-gull i motbakkeløp: Historisk EM-gull ! 11. august vann Anita sitt tredje strake NM-gull i motbakkeløp på Fanaråken 2.068 moh i suveren stil: Klikk på: NM i motbakkeløp 2007 |
Artikkelen fortsetter under annonsen