|  | |
Foto: Christian Prestegård |
Dagens overraskande totalvinnar av duatlon, Torodd Lybeck frå Fagernes (representerer Oslofjord Triatlon ) rett før målpassering. Her var den gamle eldst og best ! Lybeck som er fødd i 1952 er ein av flott eksponent for dei positive effektane av allsidig kondisjonstrening ! |
Totalvinnarane med løypetraseen opp mot Heirsnosi i bagrunnen. |
|  | |
Foto: Christian Prestegård |
Frå venstre Anita Håkenstad Evertsen ( Øystre Slidre IL), Jon Tvedt ( Gular IL ), Torodd Lybeck ( Oslofjord Triatlon) og Hilde Håkenstad ( Roterud IL )
Arrangøren hadde henta ideen til løpet frå Fanaråken Duatlon ( www.fanaraaken.com) og arrangerte to løp som starta samstundes på ulike stader, men med same mål 1010 moh !
Heirsnosi Duatlon: 15 km sykling, 6,2km løp og 1000 høgdemeter Heirsnosi Duatlon innleia motbakkeløp-sesongen 2006 i Noreg når det gjeld løp med høgdeskilnad på 1000 m og meir. Sykkeletappa på 15 km som starta ved Hjellefossen i Utladalen blei avslutta med motbakkesykling opp til 400-meteren og startfeltet for motbakkeløpet Heirsnosi Opp der sykkelen og sykkelskoa blei parkert og løpeskoa fekk fart på seg i dei 610 høgdemetrane opp den 6,2 km lange gamle grusvegen til Heirsnosi.
Heirsnosi Opp: 6,2 km løping og 610 høgdemeter. Sjølv fekk eg ein praktfull opptur tilbake i fortida på gamle trakter 34 år etter at eg sist gjekk opp den gamle vegen til Heirsnosi 1010 moh frå 400-meteren ved riksveg 53 frå Årdal til Tyin og 32 år etter at eg flytta frå Årdal til Oslo / ( Kaupanger ). Det var eit lite men eksklusivt startfelt i konkurranseklassa. Var det fjorårets motbakkedronning Anita Håkenstad Evertsen og motbakkekongen Jon Tvedt som skremte bort alle konkurrentane ? Dei vann i fjor alle motbakkeløp dei løp i Noreg inkl. NM i motbakkeløp som var lagd inn i Skåla 1848 m rett opp ( www.skaala.no). Der var eg ein av 427 i konkurranseklassa. Opp til Heirsnosi var vi totalt kun 45 deltakarar i konkurraneklassa fordelt med 35 på Dutalon og 10 i Heirsnosi Opp. Neste år bør dette talet vere mangedobla ! I år var det m.a. ein uhelding kollisjon med Sognefjellet Duatlon som gjekk samstundes. Begge arrangørane tapte på dette
Sjølv om eg ikkje hadde mange å løpe saman med frå start blei det svært så sosialt oppover i løypa der om lag 200 deltakarar i trimklassa gav entusiastiske tilrop og praktfull motivering til topps ! I denne løypa kan arrangøren sende opp heile Årdals befolkning til neste år ! Alle klarar å gå opp frå 400 meteren til 1.000 meteren ! Høyrte eg heile Årdal til Topps ? Høyrte eg folkefest på Heirsnosi ? |
I mål ! |
|  | |
Foto: Arne Gjeraker |
Den 18 år gamle orienteringsløparen Lars Gjeraker , Kaupanger IL har vore ein god treningskamerat når eg vitjar slekta og er på ferie i Sogndal/ Kaupanger. Då spring vi saman. I dag sprang han frå meg med 3 min, og eg er redd avstanden blir større og større framover for Lars viser stor framgang. |
Hilde Håkenstad , Roterud IL |
|  | |
Foto: Christian Prestegård |
Hilde vinn Duatlon i einsom majestet. Hilde er på opptur og det var kun 9 menn som var raskare. |
Leif Bjørn Finden Grindedal, Feios. |
|  | |
Foto: Christian Presteård |
Nr. 1 i Kl. 23-34 år og nr. 3 totalt på Duatlon |
Odd Geir Bukve, Jotun IL |
|  | |
Foto: Christian Prestegård |
Odd Geir vinn klasse 40-44 år og blir nr. 5 totalt. |
Olav Terum , Aurland IL |
|  | |
Foto: Christian Prestegård |
Olav vinn kl. 45-49 år og blir nr. 6 totalt. |
Arrangøren og motbakkekongen |
|  | |
Foto: Christian Prestegård |
Motbakkekongen Jon Tvedt var kjempefornøgd med arrangementet og løypetraseen . Dette er ein løypetrase som passar for alle ..både løparar og bakkeklyvarar. Her kan du springe heile vegen. No vil arrangøren v Terje Solheim (t.v.) og Frank Eldegard stå på for at Jon skal få tøffare og mykje større konkurranse til neste år. Ambisjonane med arrangementet er og bør vere store. Dette gav meirsmak ! |
Jon Øy med Øvre Årdal nedenfor |
|  | |
Foto: Hanne Stedje/Porten.no |
Jon Øy ( 50) frå arrangørkommunen Årdal med flott utsyn ned mot Øvre Årdal. |