Av Lill Sørensen: Stemnet i Walnut samlar svært mange av dei beste løparane, og 50 utøvarar stilte til start på 5000 m, fordelt på to heat. Silje sprang i fyrste heat der dei fleste var profesjonelle utøvarar. Silje hadde som mål før løpet å bryte 16 minuttsgrensa på distansen. Rapporten frå hovudtrenar på Southern Methodist University, Dave Wollman, fortel at Silje sprang lett og fint gjennom heile løpet, og den sterke sluttida på 15.55,23 er ny personleg rekord med litt over 24 sekund. Den gamle persen sette ho i same stemnet i fjor da ho sprang på 16.19,41. Det var ei førnøyd jente som ringte frå California etter løpet. I heat 2 sprang Tone Hjalmarsen, SKVidar/Oklahoma State, og ho fekk tida 16.47,49 noko som er rett bak den personlege rekorden hennes. Svenske Lisa Blommé sprang på 16.00,89.
Alle resultat |
Artikkelen fortsetter under annonsen