Vikjamili 14.april
- for kondis.no i Vik Arne Inge Sæbø -
Vikjamili 2002 vart flytta frå hausten til april for å få betre deltaking.
Løpet vart avvikla sundag 14. april, men dette første året med vårløp førte
ikkje til stort betre deltaking. Kollisjon med NM i terrengløp og andre
arrangement får ta noko av skulda. Til saman var 55 born, trimmarar og
aktive med.
Det vart ein del gode resultat. Hilde Mæhlum (40-44) sprang på 38.54 og
hadde dermed ca. 20 sekund betre tid enn i fjor. Det ser ut til at ho er
bra i rute før denne sesongen. Lasse Hole (55-59) gjorde og eit godt løp og
fekk sluttida 37.02. Først i mål var Dag Tore Ro (sen.) 10 sekund føre
Lasse. Elles merkar me oss at Gunnar Nordhus (50-54)og tok turen til Vik og
fekk tida 38.50. Han deltek flittig, helga før var han i Fredrikstad, og
helga etter i Florø, på Rett Vest.
Resultatliste Vikjamili 14. april 2002 Damer Junior 1. Annelin Ese Vik 51.10 Damer Veteran 40-44 år 1. Hilde Mæhlum Vik 38.54 Menn Junior Torstein Stadheim Vik 51.03 Menn Senior 1. Dag Tore Ro Stanghelle 36.52 2. Svein Hønsi Vik 46.07 Menn Veteran 40-44 år 1. Endre Johan Jordalen Vik 40.57 Menn Veteran 45-49 år 1. Odd Harald Gram Vik 37.29 Menn Veteran 50-54 år 1. Gunnar Nordhus AKS-77 38.50 2. Arne Inge Sæbø Vik 43.42 Menn Veteran 55-59 år 1. Lasse Hole Vossar 37.02 Menn Veteran 60-64 år 1. Hermund Kleppa Syril 46.09