Ungdomsfestival med utfordringar
Av Kristin Roset
Årets Europeiske Ungdomsfestival var ikkje heilt som andre meisterskapar. Utøvarane vart møtt av varmerekord, både mat og standard var annleis enn heime og ein budde med konkurrentar frå heile Europa vegg i vegg.
Varmerekord
Den serbiske hovudstaden Beograd var staden for årets Europeiske Ungdomsfestival i slutten av juli. 16- og 17-åringar frå heile Europa var samla i ein felles deltakarlandsby utanfor sentrum av Beograd. Her skulle det konkurrerast i fleire sommaridrettar, og den norske troppen i regi av Olympiatoppen bestod av 1 handballag, 1 symjar, 5 judoutøvarar og 16 friidrettsutøvarar.
Varmen var intens i Beograd. Gradestokken viste 46 grader på det mest ekstreme. Dette var rekord i byen, og med rom utan luftkjøleanlegg blei det mange sveittebyger i løpet av dei første dagane. Heldigvis gav den verste varmen seg, og ein kunne nyte behagelege 30 grader og normale forhold att.
Bestemt
Henrik Ingebrigsten, Sandnes og Lars Erik Malde, Skjalg var klare for å prestere på høvesvis 1500 m og 3000 m. Lars Erik måtte vente til siste dag av meisterskapen, men det takla han på ein utmerka måte og gjennomførte daglege treningsøkter fram mot den store kvelden.
Henrik Ingebrigtsen var fyrst i elden med forsøk på 1500 m. Den lovande løparen var bestemt på å gå vidare og ville rykke frå eit stykke før mål. Som sagt så gjort. Henrik sette inn ein solid støyt då det stod att 600 m. Mjølkesyra kom sigande, men han klarte akkurat å karre seg inn som nummer fire og var dermed direkte vidare til finalen. Der var han like bestemt på førehand. Han skulle ikkje reise heim utan å ha gjort eit heiderleg forsøk på å kome høgt opp på resultatlista. Han la seg kjapt i tetgruppa, og der blei han til det stod att ein runde. Farten blei gradvis større, og ungguten frå Sandnes gav absolutt alt til siste meter. Det blei ein flott sjuandeplass på den gode tida 3.56,55.
Ikkje heilt nøgd
Før Lars Erik fekk sleppe til, skulle Martine Eikemo Borge også i elden.
.....................................................
Les hele artikkelen i KONDIS
Bli medlem i KONDIS og få hele 8 nummer i året med KONDIS
Bladet for alle kondisjonerende
Les om alle medlemsfordeler og tegn abonnement!
SEPTEMBER 2007
ÅRGANG 2007
KONDISARKIVET

Siste medlemssaker
Annonse