Motgang som grunnlag for ny vekst
I forskjellig grad opplever vi det alle. Motgang. Brått eller sakte kan vi hamne i ein tilstand vi helst skulle unngått. Det kan vere sjukdom, skade, sorg. Det er då vi verkeleg kan oppleve kva som bur inne i oss.
Av Kristin Roset
Motgang er frykteleg der og då. Men som regel kjem det noko godt ut av det, tru det eller ei. Ein ser det som regel ikkje før ei tid etterpå.
Balansegang
Som idrettsutøvar har eg opplevd mykje motgang. Det har gjerne balla på seg, det eine har komme etter det andre.
Fleire år har gått med til å vere forsiktig med kroppen ikkje gå over streken. Men det er ein balansegang som er frykteleg vanskeleg. Så vanskeleg at eg endå ikkje kan kalle meg profesjonell på det området, sjølv om eg har mange års trening.
Det å vere idrettsutøvar, satse hardt og kanskje leve av det, er noko svært få meistrar i lengda. Dei som klarar det er ekstremt dyktige. Dei er nøyaktige, målretta og viljesterke. Mange av oss har desse kvalitetane, men ikkje alle har det same talentet frå grunnen og ikkje alle tåler så mykje trening som det som må til.
Dei beste pressar kroppen sin til det yttarste av det som er mogleg og lever på grensa til det som er tilrådeleg. Eg forstår at Ola Nordmann ristar på hovudet når dei får høyre kor mykje tid og krefter ein seriøs idrettsutøvar legg ned i treningane. For Ola er det totalt meiningslaust, men likevel likar han å følgje med på TV, og han likar å kritisere dersom utøvaren ikkje gjer det bra. Merkeleg det der.
Den gode kjensla
Kjensla av å gjere det godt på idrettsarenaen er fantastisk. Det å kjenne at kroppen fungerer, at tankane er positive, at ein har sjølvtillit og får gode resultat, er ubeskriveleg godt. Ein får betaling for alt arbeidet ein har lagt ned i løpet av harde treningsmånader og ein guts til å fortsette. Det er denne kjensla ein må suge til seg og sette i minneboksen. Det er denne kjensla ein må ta fram dersom ein opplever skade- eller sjukdomsavbrekk. Den vil nemleg vere til stor hjelp i den tyngste perioden, tru meg.
Les hele artikkelen i KONDIS!
Bli medlem i KONDIS og få hele 8 nummer i året med
KONDIS (Kondis utvider til 8 nummer i 2006)
Bladet for alle kondisjonerende
Les om alle medlemsfordeler og tegn abonnement!
DESEMBERNUMMERET 2005
ÅRGANG 2005
KONDISARKIVET

Siste medlemssaker
Annonse