Lettlese bok med fagleg tyngde
Egil W. Martinsen er psykiater og for tida leiar ved Forskningsinstituttet ved Modum Bad. Han var ein av dei første i verda som på vitskapleg vis prova det alle vi løparar veit: Trening bidreg til å betre humøret når ein er deprimert. Gjennom 25 år som lege har Martinsen vore oppteken av samanhangen mellom psykisk helse og fysisk aktivitet, og han er blitt ein internasjonal kapasitet på dette feltet.

Gjennom undervising, foredrag og publisering av vitskaplege artiklar har han bidrege til å formidle denne kunnskapen. No har han samla mykje av kunnskapen mellom to permar i boka ”Kropp og sinn”, med undertittel ”Fysisk aktivitet og psykisk helse”. Ho kom ut på Fagbokforlaget i 2004.

Boka er pedagogisk bygt opp med eintydige definisjonar av både psykisk helse og trening. Eitt av innleiingskapitla er vigd vitskapsteori, dette er ein god basis når ein i det følgjande vert presentert for den kunnskapen som ligg føre om trening og hovudgrupper av psykisk sjukdom. Kvart avsnitt er ordna slik at sikker vitskapleg kunnskap kjem først, og Martinsen gjev sine vurderingar til slutt.

Nelson Mandela

Innimellom den faglege teksten er det stuttare og lengre anonyme pasientforteljingar. Mange av desse kunne vore henta frå Kondis sine sider, kven veit om ikkje det er eit visst samanfall? Sitat frå kjende personar som har nytta trening som middel for å skaffe seg overskot, er også spennande lesnad. Det kan vere noko å slå i bordet med når kritikarane melder seg, at til dømes Søren Kierkegaard og Nelson Mandela måtte trene regelbunde for å yte.

Jamt over er det meir eller mindre god dokumentasjon for at trening er nyttig for dei fleste psykiske lidingar. Er det då ikkje negative sider ved treninga? Kapittelet om treningsavhengigheit er skremmande lesnad. Kjenner du deg att her bør du kan hende oppsøkje Martinsen eller ein av kollegene hans etter ei treningsøkt og få profesjonell hjelp til å trappe ned, gjerne ved hjelp av kognitiv terapi, som også er godt forklart i boka.

Martinsen skriv i føreordet at siktemålet med boka er at ho skal dekke ein trong for studentar og helsepersonell innafor psykiatri. Eg trur dette er ei for snever målgruppe. Språket er lettlese og uakademisk, men samstundes presist, og er såleis tilgjengeleg for dei fleste. Når psykiske lidingar råkar så mange av oss i livsløpet, vil du i boka finne informasjon som er nyttig for vener, slektningar eller deg sjølv.

Oppslagsbok

Du treng heller ikkje lese boka frå perm til perm. Ho er delt opp i oversiktlege kapittel, og eit omfattande register bak gjer det lett å bruke henne som oppslagsbok.

Teksten er broten opp med mange små strekteikningar og dikt som er relevante for fysisk aktivitet. Eg vil ta med diktet ”Skeiserenn” av Olav H. Hauge til slutt. Det er ikkje lett å få gått på skeiser her på Vestlandet no, men i diktet ser eg mange parallellar til Hans Jacob Berntsen sine løp i Rådalen ved Bergen.


Skeiserenn

Du startar i lag med storskridaren.
Du veit du ikkje kan fylgja han,
men du legg i veg
og brukar all di kraft
og held lag ei stund.

Men han glid ifrå deg,
glid ifrå deg, glid ifrå deg –
Snart er han heile runde fyre.

Det kjennest litt skamfullt med det same.
Til det kjem ei merkeleg ro yver deg,
kan ikkje storskridaren fara!

Og du fell inn i di eiga takt
og kappskrid med deg sjølv.
Meir kan ingen gjera.

God lesnad, før eller etter treningsturen!

Øyvind Watne


Tittel: Kropp og sinn. Fysisk aktivitet og psykisk helse
Forfattar: Egil W. Martinsen
Forlag: Fagbokforlaget 2004
Pris: 249 kr
Sider: 184

---------------------------------------------------------------------------

Bli medlem i KONDIS og få 7 nummer i året med
KONDIS
Bladet for alle kondisjonerende

Februarnummeret 2005


ÅRGANG 2004

KONDISARKIVET

Les om alle medlemsfordeler og tegn abonnement!