Atle på offensiven
- Eg likar utøvarar som er offensive. Sjølv satsa eg alt under konkurransane, gjekk på nokre smellar, men blei likevel sterkare for kvar gong. Det har eg trua på utviklar ein vidare, seier Atle Kvålsvoll.

Av Kristin Roset

På Idrettssenteret på Dragvoll er det fullt liv dagen lang. Studentar og idrettsutøvarar har eit eldorado av treningsmoglegheiter her. Utanfor ligg marka med flotte løyper og stiar å springe på, og inne på senteret kan ein trene det ein måtte ønske. Men det ikkje alle veit, er kva unik kompetanse som finst i tredje etasje. Her held nemleg Olympiatoppen, avdeling Trondheim til. Atle Kvålsvoll er resultatansvarleg for uthaldsidrettane i heile landet, og sportssjef for avdelinga. Sjølv om han er ein travel mann, har han tatt seg tid til å møte Kondis.

Samarbeid

- Kva inneber det å både vere sportssjef og resultatansvarleg?

- Det inneber mange utfordringar og hardt arbeid. Heldigvis har eg dyktige folk rundt meg. Utan dei ville ikkje dette gått, seier Atle. Han trødde inn i stillinga som sportssjef ved avdelinga i Trondheim i 2000. Tre år seinare blei han spurt om å ta over stillinga til Rolf Sæteredal, som resultatansvarleg for uthaldsidrettane.

- Eg visste at dette var ein krevjande jobb som ein berre kan gå inn i med full motivasjon, seier Atle. – Saman med mine gode kollegaer skal vi få alle dei ulike idrettane til å samarbeide. Rett og slett kooridenere dei som er med. Olympiatoppen skal i tillegg bidra med kompetanse, og dekke behova som dei enkelte idrettane måtte ha. Det kan ofte vere ei stor utfordring når vi har så mange forskjellige idrettar å operere med. Dei har så mange ulike behov, men det er også det som er så spennande med denne jobben, fortel Kvålsvoll.

Offensiv syklist

Atle er offensiv. Frå han starta med sykkel som 15-åring, satsa han stort under konkurransane. Han starta med full pinne, og håpa det heldt heilt til mål. Han var ikkje alltid like heldig med det, men han blei sterkare for kvar gong, og det skulle kome til nytte seinare i karriera.

- Eg kom inn i eit svært god sykkelmiljø då eg var 15 år og fekk tidleg dei rette personane rundt meg. Morten Sæter var den første trenaren min, og då eg blei eldre, tok Elling Finnanger over, seier han.

Atle kan vise til NM-gull i lagkøyring og andre- og tredjeplassar i NM fellestart, men det var i Europa han verkeleg fekk prøvd seg. På slutten av 1980-talet ville Kvålsvoll og ein sykkelkamerat teste seg som proffar i Frankirike.

– Vi ville gjerne prøve oss med dei store syklistane, så vi pakka bilen full med utstyr og sette kursen mot Frankrike og proffklubben Z. Vi fekk sjokk allereie på første treningsturen. Her var det ikkje noko roleg langtur, men full fres frå start. Vi hang med så godt vi kunne, og dei første månadane trena vi så hardt som vi aldri hadde gjort før. Vi ønskte å vise oss fram tidleg, og det at eg var vane med å trakke til heime under konkurransar kom godt med her, fortel Atle med eit smil.

Annleis treningskultur

– Det var ein stor forskjell på treningskulturen i Frankrike og Noreg på den tida. Eg ble overraska over kor lite franskmenn visste om trening. Hadde dei ein god dag på sykkelen, var det fullt trøkk frå start. Hadde dei ein dårleg dag sykla dei utruleg roleg, seier Atle. I det første løpet gjekk han på ein stor smell.

– All den harde treninga måtte sjølvsagt gje utslag på eit eller anna vis, og det fekk eg kjenne. Beina var skikkeleg stive, og eg fekk det tungt på slutten. Det kom seg heldigvis utover sesongen. Kroppen tålte meir og meir, og resultata viste seg etter kvart, seier han.

Tour De France

Atle veit korleis syklistane har det undervegs på Tour De France......




Les hele artikkelen i KONDIS!

Bli medlem i KONDIS og få 7 nummer i året med
KONDIS
Bladet for alle kondisjonerende

Novembernummeret 2004


ÅRGANG 2004

KONDISARKIVET

Les om alle medlemsfordeler og tegn abonnement!