Om lause kyr og andre ting ein kan leva med
Det var vel Bjørn Dæhlie som ein gong sa noko liknande: ”Skadefri er ikkje noko du er, det er noko du har vori eller kan bli.” På Sørvestlandet utrykkjer dei det slik: ”Alltid e’ det noge”, og i grisgrendte strok litt lenger nord langs den same kysten kan ein høyre: ”Det er ikkje berre ei ku som er laus.”

Nei da, av og til – og ganske ofte – kjennes det som om heile bølingen har broti seg fram. Ikkje minst når ein halvgammal kropp skal komma seg ut or senga og over golvet om morgonen. Det knakar i samanføyingane. To føter i bakken samstundes, for det er ikkje godt å veta kven av dei som hyler til når.

Den tida ein kunne starte springturen direkte i 4.30-fart er for lengst forbi. Det gjeld å dra seg forsiktig i gang. Mjukne opp muskel for muskel, ledd for ledd. Og eg liknar meir og meir på min gode ein gong storspringande venn som måtte ta ein gårunde rundt kvartalet før han kunne setje i gang stoppeklokka. Etter kvart vart det naudsynt med så mange gårundar at sjølv om han byrja klokka seks om morgonen, så vart det likevel ikkje tid til springing før arbeidsstart klokka ni. Det var omtrent på den tida han fann fram sykkelen i staden.

Ja, så langt har det gått at folk har begynt å spørje. ”Haltar du, Runar?” ”Du haltar vel ikkje, Runar?” ”Runar, eg synest du haltar?”

Nei, eg haltar vel ikkje. Berre justerer litt på steget – passer på å springe på venstresida av vegen slik at akillesen ikkje skal komma i bend. Å nei da, eg har kontroll. Det går framover. Mindre vondt i dag enn for treveker sia. Det er dessutan ein gammal skade – har hatt han i halvanna år no – så han er til å leva og springe med. Driv eksentrisk styrketrening og spring på den vegen som ber namnet betringas.

Og snart er eg heilt bra. Nett som eg var i 1982 og 1994. Tolvårssyklusen som gjer at eg verkeleg ser fram til 2006. Da eg igjen kan hoppe ut av senga om morgonen, spurte opp den brattaste bakken og til med springe på høgresida av vegen.

”Skadefri er noko du kan bli,” leikar eg at Bjørn Dæhlie sa til meg. Han er min idrettsprofet – og bonde som held alle kyrne på plass.

For byrjar dei først å gå gardane, kyrne, så er det ikkje lett å halde dei innafor. Ei ku vi hadde heime på Gilberg Øvre, måtte vi rett og slett ha på bås i fjøset heile sommaren. Verken skigard eller elektrisk streng kunne stanse henne. Og ho lokka dei andre kyrne med seg.

Ho var vår akilles. Likevel trur eg ikkje eg lyg når eg fortel at det var med eit visst vedmot ho til sist var seld.


Bli medlem i KONDIS og få 7 nummer i året med
KONDIS
Bladet for alle kondisjonerende

Septembernummeret 2004


ÅRGANG 2004

KONDISARKIVET

Les om alle medlemsfordeler og tegn abonnement!