Praktfull sykkel- og løpetur frå 0 til 2068 m over havet
Fanaråken Duatlon den 21. august blei ein gedigen opptur for både arrangøren IL Fanaråk og deltakarane. Aldri tidlegare har det i Nord-Europa vore arrangert eit løp med så stor høgdeskilnad mellom start og mål som i Fanaråken Duatlon.

Av Christian Prestegård

Duatlonen med 101 deltakarar starta i Skjolden inst i Sognefjorden, verdas lengste fjord. Derifrå var det 16 km sykling til Turtagrø og vidare 8,4 km løping/gang opp til mål på Fanaråken ved Nord-Europas høgstliggjande turisthytte, 2068 moh. Mosjonsløpet Turtagrø - Fanaråken Opp med 123 deltakarar starta samstundes i Turtagrø, 868 moh, med løping/gang til Fanaråken.

Fanaråken Duatlon er eit unikt arrangement, og etter det Kondis har klart å finne ut, er det ikkje tilsvarande motbakkeduatlon i Europa med så stor høgdeskilnad (2068 m) mellom start og mål.

Flotte fjernsynsbilete

NRK 1 sendte frå løpet i programmet Norge i dag og i Vestlandsrevyen måndag 23. august med spektakulære bilete frå løpet. Grytidleg om morgonen løpsdagen stogga NRK-fotograf Torje Bjellås på veg inn til Skjolden og filma Fanaråken som var dekka av eit slør av tåke 2068 høgdemeter ovanfor starten inst i Lustrafjorden. Denne trolske dagen fekk Torje saman med 224 deltakarar oppleve alle årstidene og det meste som fjord- og fjellandskapet har å by på, på veg opp til toppen.

På grunn av dårlege vêrmeldingar dagane før løpet med utsikter til regn heile dagen, var det heile 52 av 276 påmelde som ikkje møtte til start. Det var nok mange som angra at dei ikkje deltok når dei fekk sjå TV-reportasjen med flotte løpsforhold heilt opp til toppen! På tur ned igjen kom vinteren, og dagen etter løpet var Fanaråken kledd i snø, men ikkje meir enn at det kunne vore arrangert løp denne dagen og!

Stor utfordring for lite idrottslag

Aldri tidlegare hadde Anders Fortun, leiaren i IL Fanaråk, og funksjonærstaben hans hatt så mange deltakarar i noko idrettsarrangement i Skjolden-/Fanaråken-regionen. Arrangementet var ei stor utfordring for eit lite idrottslag, men takka vere grundige førebuingar det siste året med mellom anna gjennomføring av testløp og testing av sambandsutstyr og tidtaking så fungerte alt som det skulle.

Neste år den 27. august er IL Fanaråk klare til å imot minst 350 deltakarar inklusive trimklassa.

.............................................................
....................................................
Les hele artikkelen i KONDIS!

Bli medlem i KONDIS og få 7 nummer i året med
KONDIS
Bladet for alle kondisjonerende

Septembernummeret 2004


ÅRGANG 2004

KONDISARKIVET

Les om alle medlemsfordeler og tegn abonnement!