Lauvfallstid

Det er fine fargar på buskar og tre. Langt borte blinkar Tyrifjorden. I synsranda ser eg Blefjell, Norefjell og Vikerfjell. I dag var fjelltoppane kvite. Sumaren er over for denne gongen.

Av Sverre Thune

I Ringerike har me hatt eit fint år med trim og konkurransar av ulike slag. Det starta alt i januar med Marcialonga. 40 ringerikingar reiste til Val di Fiemme i Italia for å vera med på det tradisjonsrike rennet som i år skulle gå i klassisk stil. Det var fine og flate løyper som gjekk gjennom landsbyane, først oppover og så nedover dalen. Bra for oss som likar staking og dobbelttak. I dei få bratte utforbakkane vart me slusa ned for å unngå knall og fall og det som verre var. Nedanfor Cavalese sto reiseleiaren klar med klistertuba og redda oss frå bakglatte ski dei to siste, og brattaste, kilometrane. Det var ei oppleving å ”spurte” mot mål gjennom gatene i Cavalese til musikk og heiarop. Puuh! Eit fint minne.

På heimlege trakter fekk me ein framifrå vinter, med mykje snø og fine skiløyper. Me har ein dugande løypebas som held dei bra i stand. Betre forhold kan ein ikkje få. Med utgangspunkt i Ringkollen har me høve til å ta fine turar innover i marka. Tverrsjøen, Spålen, Katnosa, Løvlia, Gjerdingen, Elgstøa, Sandungen, Kikut er gode namn. Eller ein tur i Treningsrunden. Det kan fort bli fleire rundar der. Kona og eg går i motsett lei frå Borgersetra, i eige tempo. Me møtest ein eller annan stad i løypa til ein kopp te og niste. For nokre år sidan fann eg på å føre opp kvar skitur slik at eg fekk oversikt over kor langt eg hadde gått i løpet av vinteren. Seinare har det vore eit mål å tøye seg etter. Dette inspirerte dei andre i familien til å lage sine statistikkar. Kona førde opp matlaging og oppvask og borna kor mange festar dei hadde vore med på!

Skirenn

Bedriftsidrettslaga skipar til ni karusellrenn i lysløypene våre – kvar onsdag kveld frå januar til mars. To rundar for trimmarar og tre for turgåarar. Siste kvelden er det premieutdeling på Ringkollstua. Ein helgetur for to til Vestlia høgfjellshotell vert trekt mellom dei som går minst fire renn. Turen er sponsa av hotellet og to sparebankar i Hønefoss. Det er stor deltaking. Det kan vera kviefullt å sleppe taket i fjernkontrollen og koma seg ut ein mørk og kald vinterkveld. Men ein angrar aldri. I vinter vart det og skipa til ein bedriftsstafett med tremannslag i lysløypa på Ringkollen. Det deltok over førti lag ein vanleg kvardagskveld. Det synest eg var imponerande. Ein ”Femtenkilometer” vert og skipa til i Treningsrunden. Og så har me ”Tolveren”, som har fått namnet sitt frå Kjerraten i Åsa og går i januar. Og sjølvsagt Ringkolløpet i mars med god deltaking frå eit større distrikt.

Heilt ufarleg er det ikkje å gå på ski. På tur opp den nye løypa frå Øyangen til Ringkollen ein sundag ettermiddag sist vinter møtte eg ein ung skiløpar som var på veg nedover. Han runda den øvste, smale svingen i stor fart. Eg var sikker på at det kom til å bli kollisjon. Men han greidde å styre på utsida, fekk ei ski på kvar sida av ei bjørk, svinga seg rundt og enda på ryggen nedanfor løype Heldigvis var det mykje snø så han fekk eit mjukt fall slik at det gjekk bra med han. Eg foreslo i Snø og Ski at dei burde setja opp åtvaringar i bratte bakkar, for å få folk til å køyre forsiktig, men det slo ikkje an. Til det er det nok for mange bratte bakkar. Ein får fara varsamt og vise omsyn både nedover og oppover.

Birkebeinerrennet er eit mål for treninga.

......................................................................................

Les hele artikkelen i KONDIS!

Bli medlem i KONDIS og få 7 nummer i året med
KONDIS
Bladet for alle kondisjonerende

Desembernummeret 2003


ÅRGANG 2003

KONDISARKIVET

Les om alle medlemsfordeler og tegn abonnement!