Spurtshow med Idland og Wigene i Sandnes |
Med tre gull og ein sølv heldt Gjesdal stand som beste terrengløpsklubben i landet. Kan hende var vi likevel vitne til eit aldri så lite tronskifte under NM terreng i Sandnes siste helga i april. Av Runar Gilberg Eller generasjonsskifte, heiter det helst når ungdommen spring frå dei etablerte storløparane. Den nye helten ber namnet Trond Idland. I den individuelle konkurransen spurta 22-åringen frå den tidlegare terrengsjefen, åtte år eldre Knut Erik Rame. I stafetten dagen etterpå var det den beste maratonløparen i landet, Karl Johan Rasmussen, som måtte gi tapt for sistegiret til Idland. Første dag var det altså eit internt Gjesdal-oppgjer. Dag to, i stafetten, stod det mellom Rogalandsrivalane Haugesund og Gjesdal. Spurtstyrken til Trond Idland avgjorde begge gongene. - Eg visste at eg var raskare enn Knut Erik i ein spurt, og da det til sist var berre oss igjen, var eg sikker på at eg ville klare NM-tittelen, forklarte Idland etterpå. På stafetten fekk han pinnen likt med Karl Johan Rasmussen, og den 6 km lange sisteetappen ville avgjera kven som skulle få laggullet. Idland leit igjen på evna si til taktomslags mot slutten. - På førehand hadde eg bestemt meg for ikkje å dra nokon ting der det var motvind, men kvar gong vi sprang i medvind, gjekk eg opp på sia og litt forbi, for å markere styrke. Slik heldt vi på til det var 300 m igjen. Da sette eg inn støyten, og det var ei utruleg god kjensle å rykke ifrå. På Gjesdal sitt vinnarlag sprang Henrik Grøseth og Terje Aggvin dei to 2-kilometeretappane medan Rame og Idland tok seg av langetappane på 6 km. Undervegs kjempa dei heile tida jamt med Haugesund som i tillegg til Rasmussen hadde Kjetil Dørheim Hals, Kjetil Ramstad og Ingemund Askeland på laget. Ned til Norna Salhus på tredjeplass vart det til slutt tre minutt, og Gjesdal sitt andrelag var berre tre sekund frå å kapre bronsemedaljen. Det seier litt om Gjesdal-laget sin dominans på herresida. Som i gamle dagar I kvinneklassen var Vidar minst like suverene og slo dei lokale konkurrentane frå GTI og Skjalg med heile 12 og 17 minutt. Individuelt var det lenge jamt mellom Bente Landøy, Hanne Lyngstad, Ingvill Måkestad og Susanne Wigene. Men da berre oppløpet stod att,..... Les hele artikkelen i KONDIS! KONDIS Bladet for alle kondisjonerende ÅRGANG 2003 KONDISARKIVET Les om alle medlemsfordeler og tegn abonnement! |
Spurtshow med Idland og Wigene i Sandnes
Siste medlemssaker
Annonse