Mannen som ville gjera Gjesdal best i landet
KONDIS har hatt ein serie gåande kalla "Hvor ble de av?" Det er ingen med litt langdistansepeiling som spør kor det vart av Jørn Holmen. 44-åringen er like sentral i løpsmiljøet no som da han sjølv herja resultatlistene på 80- og 90-talet. Og først og fremst er det Gjesdal som haustar av den innsatsen herr Holmen legg for dagen.

Av Runar Gilberg

Bakom svært lite av det som fungerer unaturleg bra, står det overnaturlege krefter. Meir vanleg er det at ein finn ein eller fleire personar som vil noko og som arbeider både hardt og mykje for at det dei vil, skal bli verkeleg. Langdistansemiljøet i Gjesdal har eit par-tre slike bakmenn, og Jørn Holmen er truleg den aller viktigaste.

Som Steen Jensen

Det byrja i 1994. Jørn Holmen hadde i fleire år sprungi for Stavanger-klubben Skjalg, men var nett flytta til Ålgård. Spørsmålet var om han skulle halde fram i Skjalg eller om han skulle prøve å byggje opp noko på den nye heimstaden. Han samrådde seg med Frode Salomonsen Kalheim og Kjell Fjeldheim, og resultatet av møtet var ikkje berre at dei ville prøve å få til eit løpsmiljø i Gjesdal, men på beste Ingebrigt Steen Jensen- og Stabæk-vis gjekk dei ut og proklamerte at dei innan år 2000 ville gjera Gjesdal til beste langdistanseklubben i landet!
Og i trygg forvissing om at reklameguruen frå Bærum ikkje les KONDIS, må det vera lov å seie at Holmen har lyktest minst like godt som Steen Jensen. Når eg møter Gjesdal-trenaren for dette intervjuet, har Trond Idland nettopp vunni juniorklassen i NM terreng med klar margin. Ein time seinare skal det vise seg at han har lagt 10 nye km bak seg og kapra bronsemedaljen i seniorklassen. Bak to andre Gjesdal-karar. Det høyrer òg med i biletet at Holmen sjølv berre så vidt er ferdig med å jogge ned etter å ha sprungi nest fortast av alle veteranløparane. Han tok sølv i klasse 40-44 år, berre slegen av Atle Tanum som òg spring for Gjesdal.
 
 
 
Les mer i KONDIS!

Bli medlem i DNL og få 7 nummer i året med
KONDIS
Bladet for alle kondisjonerende

Les om alle medlemsfordeler og tegn abonnement!

 
ÅRGANG 2002

KONDISARKIVET