På plassen bak Karoline kom den russiske 400 m-løparen Antonina Krivoshapka, og så følgde Christina Vukicevic og Ezinne Okparaebo på dei to neste plassane. Kåringa skjer etter ei avstemning blant europeiske friidrettsinteresserte, journalistar, medlemslanda og eit eige ekspertpanel. I kåringa av dei mest lovande gutane gjekk den franske sprinteren Christophe Lemaître til topps. Under junior-EM i sommar sette han ny europeisk juniorrekord på svært så sterke 10,04. Karoline Bjerkeli Grøvdal hadde ikkje forventa å gå til topps i kåringa. - Eg vart kjempeoverraska da eg fekk veta det og er sjølvsagt veldig stolt. Artig å få ein slik tittel, uttala ho til friidrett.no. Etter ein liten pause etter banesesongen er Karoline no i full gang med å bu seg på terrengløpssesongen. Den startar alt no til helga med NM på Jessheim. Dei ti beste i kåringa Jenter 1. Karoline Bjerkeli Grøvdal (NOR) 2. Antonina Krivoshapka (RUS) 3. Christina Vukicevic (NOR) 4. Ezinne Okparaebo (NOR) 5. Jodie Williams (GBR) 6. Stephanie Twell (GBR) 7. Sandra Perkovic (CRO) 8. Anisya Kirdyapkina (RUS) 9. Denise Hinrichs (GER) 10. Natalya Popkova (RUS) Tidlegare "Rising Star"-vinnarar 2008 Stephanie Twell (GBR) 2007 Jessica Ennis (GBR) Gutar 1. Christophe Lemaitre (FRA) 2. Ramil Guliyev (AZB) 3. Marcin Lewandowski (POL) 4. David Storl (GER) 5. Ari Mannio (FIN) 6. Javier Cienfuegos (ESP) 7. Artur Noga (POL) 8. Eelco Sintnicolaas (NED) 9. Mykyta Nesterenko (UKR) 10. Chris Clarke (GBR) Tidlegare "Rising Star"-vinnarar 2008 Raphael Holzdeppe (GER) 2007 Andrew Howe (ITA) Intervju og presentasjon av Karoline Bjerkeli Grøvdal hos Det europeiske friidrettsforbundet Meir om kåringa og merittane til Karoline Bjerkeli Grøvdal hos Det europeiske friidrettsforbundet |
Karoline Bjerkeli Grøvdal kåra som "Årets stigande stjerne"
Karoline Bjerkeli Grøvdal gjekk heilt til topps i Det europeiske friidrettsforbundet si kåring "Rising Star of the Year". Dei to gulla i junior-EM var nok sterkt medverkande til at 19-åringen frå Isfjorden fekk flest røyster i kåringa, og ho vil motta prisen i Budapest 19. oktober. Ikkje nok med at Bjerkeli Grøvdal vann, men det kom norske utøvarar òg på tredje- og fjerdeplass i kåringa.
Siste medlemssaker
Annonse