70 gjennomførte KLEIVA OPP i Randabygda
Regnet hadde hølja ned i fleire døgn, men då 70 deltakarar trossa værgudane for å delta i eit av dei eldste motbakkeløpa i Noreg tok regnet ein pause då konkurranseklassane starta kl. 14.00. Sjeldan har eg vore så glad for at mesteparten av løypa gjekk på asfalt for ute i terrenget var stiar og traktorvegar forvandla til bekkar.
TOPP+stemning+i+m%E5lomr%E5det+%21+
TOPP stemning i målområdet !
Det var 20 deltakarar i konkurranseklassane og 50 i trim

I konkurranseklassane sprang alle som var 16 år og eldre den 7 km lange løypa med start ved fjorden og med 600m stigning.- Eit ekte frå-fjord-til-fjelløp ! For alle under 16 og trimklassa var løypelengda 4 km med 450 meter stigning.

Sjølv fekk eg denne helga oppleve kontrastane mellom det største motbakkeløpet i Noreg Stoltzekleiven i Bergen ( totalt 7500 deltakarar på 4 løpsdagar ) og det tradisjonsrike lille og intime motbakkeløpet Kleiva Opp i Randabygda/Hopland på nordsida av Nordfjorden nokre få mil vest for Skåla Opp i Loen. Det var i Kleiva Opp at eg fekk den gode løpskjensla og den største oppturen !

7 menn i langløypa på 7 km med 600m stigning:
1. Stian Hamre Jensen, Telavåg IL ( kl. 20-39 år): 40.13
2. Christian Prestegård, IL Fanaråk/ Kondis ( kl. 50-59 år) : 41.11
3. Isak Fotland Fonn, Markane ( kl. 16-20 år ): 41.42
4. Jarle Midhjell Gjørven, Markane ( kl. 16-20 år): 41,47
5. Kjell Bakkebø, Åheim, ( kl. 40-49 år): 41.50
6. Anders Bakkebø, Åheim, ( kl. 40-49 år): 43.02
7. Oddmund Teigland, Veten ( kl. 60-64 år ): 53:32


I dameklassa var det ein sporty deltakar: May Kristin Sæther, Eid ( kl. 40-49); 52,47

8 gutar og 2 jenter i kl.12-15 år i kortløypa på 4 km med 450m stigning

Gutar 12-13 år
1. Andreas Rauset,STIL, 26:47
2. Isak Hopland, Hardbagg, 28:17
3. Vegard Skrede, Hardbagg, 31:26
4. Joar Skrede, Hardbagg, 33:18

Gutar 14-15 år
1. Lars Midhjell Gjørven, Markane, 23:48
2. Martin Vonheim, Markane, 24:16
3. Steinar Aaland, Hardbagg, 30:47
4. Sindre Skrede, Hardbagg, 31:18

Jenter 12-15 år:
1. Gina Agate Tytingvåg; Hardbagg: 34.50
2. Ragnhild Vereide, Eid IL: 34.57

Det var også tilbod om å delta i duatlon i langløypa på 7km med sykling dei fyrste 5,6 km på asfalt og springing dei siste 1,4 km på bratt traktorveg;
Den raskaste av dei to som gjennomførte duatlon var
Rune Åland, Hardbagg ( kl. 20-39 år) med tida 32.44,
Svein Rune Aaland, Stryn vann klasse 40-49 på tida 38:48




<
Anders+Bakkeb%F8+%2C+%C5heim%2C+sprang+i+m%E5l+p%E5+43.02.+Anders+var+perfekt+drahjelp+og+fartsholdar+dei+fyrste+kilometrane+f%F8r+eg+fekk+melkesyra+fr%E5+Stoltzekleiven+dagen+f%F8r+ut+av+kroppen+og+kunne+glede+meg+over+at+dette+var+dagen+d%E5+kroppen+fekk+ein+skikkeleg+opptur+i+ei+motbakkel%F8ype+som+kunne+springast+i+stor+fart+heile+vegen.+Foto+Christian+Presteg%E5rd
Anders Bakkebø , Åheim, sprang i mål på 43.02. Anders var perfekt drahjelp og fartsholdar dei fyrste kilometrane før eg fekk melkesyra frå Stoltzekleiven dagen før ut av kroppen og kunne glede meg over at dette var dagen då kroppen fekk ein skikkeleg opptur i ei motbakkeløype som kunne springast i stor fart heile vegen. Foto Christian Prestegård
D%E5+May+Kristin+S%E6ther%2C+Eid%2C+og+eldste+deltakar+Oddmund+Teigland%2C+Veten+%28+kl.+60+%E5r+%2B+%29+kom+i+m%E5l+letta+skydekket+s%E5pass+at+me+fekk+nyte+utsynet+ned+mot+Nordfjorden+og+startomr%E5det+nede+p%E5+Kaia+i+Randabygda+%28+til+h%F8gre+for+May+Kristin%29.+D%E5+eg+ein+snau+time+tidlegare+sto+klar+til+start+nede+ved+fjorden+reflekterte+eg+over+at+aldri+tidlegare+har+eg+sett+Nordfjorden+s%E5+brun.+Normalt+er+fjorden+bl%E5-gr%F8n+farga+av+brevatnet.+No+var+fjorden+farga+brun+av+jord+og+vegatasjon+som+dei+store+nedb%F8rsmengdene+%28+det+har+jo+regna+nesten+samanhengande+sidan+primo+juli+m%E5nad+%21%29+har+tilf%F8rt+fjorden+fr%E5+tusenvis+av+nye+bekkar+og+tidlegare+sm%E5+bekkar+som+no+har+vorte+elvar.++Foto+Christian+Presteg%E5rd.
Då May Kristin Sæther, Eid, og eldste deltakar Oddmund Teigland, Veten ( kl. 60 år + ) kom i mål letta skydekket såpass at me fekk nyte utsynet ned mot Nordfjorden og startområdet nede på Kaia i Randabygda ( til høgre for May Kristin). Då eg ein snau time tidlegare sto klar til start nede ved fjorden reflekterte eg over at aldri tidlegare har eg sett Nordfjorden så brun. Normalt er fjorden blå-grøn farga av brevatnet. No var fjorden farga brun av jord og vegatasjon som dei store nedbørsmengdene ( det har jo regna nesten samanhengande sidan primo juli månad !) har tilført fjorden frå tusenvis av nye bekkar og tidlegare små bekkar som no har vorte elvar. Foto Christian Prestegård.
Small is beautiful kan passe som karakteristikk og oppsummering av Kleiva Opp , søndag 27. september. Det var triveleg å delta i dette lille og intime arrangementet som burde ha eit mykje større potensiale til neste år dersom arrangør Hardbagg IL lukkast med marknadsføringa. Å arrangere, det kan dei i Hardbagg IL ! - og kan vise fram ei imponerande merittliste som arrangør ! Arrangør Torstein Tvinnereim seier på spørsmål frå kondis.no at dei siste 10-12 åra har Hardbagg IL i samarbeid med Markane IL og Veten IL arrangert m.a. NM i nordiske greiner , NM i Skiskyting for både senior og junior, VM i nordiske greiner for junior ( Langrenn, Kombinært og Hopp ).

Hardbagg IL bør så absolutt ha det som skal til for å kunne arrangere eit stort motbakkeløp med mange hundre deltakarar i 2010 !

Sjå også førehandsomtale