Tekst og foto: Runar Gilberg Eg er ikkje lenger enn eit par kilometer kommen før dei kjem, storspringarane. Her er det berre å gå til sides og sleppe dei forbi. Mannen i teten er o-løparen Andreas Høye, og dei to som heng på, er Vegard Raaum og Anders Myrland. Overraskande, eg hadde trudd - og spådd på kondis.no - at to kenyanarar ville vera i teten. Kor har det vorti av dei? |
||||
Trippelvinnar passerer på fjerdeplass | ||||
|
||||
Jau, dei er med og i steget, favorittane | ||||
|
||||
1500 m-løpar Fløystad skeiar ut med både motbakke- og unnabakkeløp | ||||
|
||||
Fjorårsvinnaren er òg litt forseinka | ||||
|
||||
Oi, der kjem førstedama alt | ||||
|
||||
Neste kvinne ut - Solveig Pedersen | ||||
|
||||
May Bente Weng i herleg driv | ||||
|
||||
Å lange ut med lange steg | ||||
|
||||
Motbakkeeksperten og Hedmarksredaktøren | ||||
|
||||
Dagens prestasjon - av Olav Sveen? | ||||
Sveen får i dag 1.16.53, og Roalkvam er ikkje meir enn 5 sekund bak. Kor gode er 52 år gamle Sveen og eitt år yngre Roalkvam? Jau, dei blir nummer 16 og 18 totalt. Dei er berre 7 minutt bak kenyanarane, dei er minuttet framføre fjorårsvinnar Hammerø Løseth og 3 minutt framføre skiløpar Svartedal. Fram til Vegard Raaum på fjerdeplass er det mindre enn 4 minutt. Med all respekt for geiter, kenyanarar, ultratråvarar og ivrige deltakarar i ungdoms- og barneløp - dette må vel vera ein av av dagens desidert beste Birkebeinerprestasjonar? |
||||
Like før kryssinga av Sjusjøvegen kjem Anne Kari Borgersen susande | ||||
|
||||
Ingrid Damsgaard - ei av dei første i startpulje 6 | ||||
Klokka er vorti 6 minutt over 11 når eg blir passert av Ingrid Damgaard. Ho har 17 km igjen å springe, sjølv om farten er så stor at ein kunne tru mål var bak neste tjukke granlegg. Ingrid kan å føte seg og er berre 4 minutt bak vinnaren i mål. Det held til ein niandeplass. Bra, ikkje minst med tanke på kva for ei uoffisiell plassering eg sjølv skal få... |
||||
Første sølevarselet | ||||
|
||||
Her var det meir spenst i steget, ja | ||||
Det anar meg at ho pønskar på noko stort idet ho passerer, og resultatlista viser at ho blir nummer to i klasse 18-19 år på tida 1.30.05. Klart ein går eit steg til sides for slike. |
||||
Lang, lang rekke gjennom skogen | ||||
|
||||
Er det slik vi vil hugse Birkebeinerløpet 2009? | ||||
|
||||
Kva for ei Birkebeinerdronning er dette? | ||||
|
||||
Bremse eller late det stå til? | ||||
|
||||
Skodde i dalen - sol på fjellet | ||||
|
||||
Siste del av slalåmbakken | ||||
|
||||
"Eg vil ikkje bli blaut om beina!" | ||||
|
||||
Den farlege lemmen | ||||
|
||||
... og her mest eit til | ||||
|
||||
Etter kvart blir jordstien breiare og betre | ||||
|
||||
Smilet i sjela som ikkje alle ser | ||||
|
||||
Birkebeinarar bakfrå | ||||
|
||||
Eit skikkeleg søppelløp | ||||
|
||||
Kven er det som trampar på brua? | ||||
|
||||
Myr, men ei ganske tørr blautmyr | ||||
|
||||
Snart halvvegs - over halvvegs | ||||
|
||||
Slik ein gamleveg skal vera | ||||
|
||||
Baktroppsmil | ||||
|
||||
Så kom ho, geita med startnummer på den andre sida | ||||
|
||||
Eller er det slik vi vil hugse det? | ||||
|
||||
Somme må plukke opp søpla | ||||
|
||||
Ultrakollega Per Olav Bøyum passerer | ||||
|
||||
Berre ein tiandepart av distansen igjen | ||||
7 km er uansett 7 km. Ikkje langt når ein spring fort, men ein heil bit når ein går. Klokka er halv tre, og enda er det over fem timar før maksimaltida for ultraløparane går ut. Den fristen skal eg greie med god margin. |
||||
På OL-historisk grunn | ||||
|
||||
Einar Iversen - ultraløpar med smil både inni og utanpå | ||||
|
||||
Siste løpar på siste drikkestasjon | ||||
|
||||
Ikkje farleg når ein er to | ||||
|
||||
Siste kvinne forbi er første kvinne i mål | ||||
Klokka nærmar seg fire og eg er snart i mål - òg med denne reportasjen. Takk til alle som ville vera med på ferda. Kan hende møtest vi igjen om eit års tid. Under den høge himmelen, den som gjer det så fint å leva. Til sist lettar skodda, også nede i dalen. Les andre reportasjer om Birkebeinerløpet på kondis.no: O-løperen Andreas Høye gjorde Løpet mer spennende enn forventet Forbisprungen av mest 5000 Birkebeinarar Martine Kongsten først i mål på Halvbirken Ungdomsbirken Barnas Birkebeinerløp Harald Aas suveren vinner av tidenes første UltraBirk Spennende framtid for UltraBirken - nytt løp 18.09.2010 Reportasjer og omtale av Birkebeinerløpet på kondis.nos lokalsider Hedmarksider: Nytt rått Røset-løp i Birken Hedmark-sidene: Starten på en flott Birkebeinerdag Hedmarkssidene: Baktroppsbilder fra UltraBirken Hedmarkssidene: Premiepallbilder med blant annet premievinnere fra Hedmark 4 seire til Romeriksløpere - mange andre gode plasseringer Oversiktsside for reportasjer om Birkebeinerløpet i 2009 og tidligere års Birkebeinerløp |
Artikkelen fortsetter under annonsen