-VøringfossRace er eit fantastisk løp, sa han til Kondis.no etter målgang. Endeleg er det eit løp for dei som likar å løpe i fjellet, ikkje berre komme opp på ein fjelltopp, sjå fjellet og gå nedatt. Det er mange motbakkeløp, men dette er spesielt. Dette er eit løp både dei som likar både veg, slake bakkar, bratte bakkar og fjelløp. -Det at løpet går over tre dagar, gjer at dei som trenar mykje får fordel. Eg merka lite til dei to forrige løpa i dag, sa han. Det at ein får springe på fjellet etter motbakkane gjer at ein får løyse opp muskulaturen, så no er eg heilt fin i beina. Ein typisk treningstur for syklisten og fjelløparen frå Os er å sykle opp på fjellet, springe ein tur og sykle nedatt. -Dette løpet kjem til å bli stort. Han hadde ei bekymring, det er at alle treningskameratane som også likar å springe på fjellet kjem til å komme neste år. Då spørs det om eg klarar å vinne, smilte Thomas Andersen før pengepremien og fruktkassen vart henta. Fakta om løpet: Arrangert for andre gong i år. Distanse fredag: 5,8 km med 500 m stigning Distanse laurdag: 14,5 km, 1485 meter stigning (i år ca 1200 meter pga verforhold) Distanse søndag: 22,5 km, 1100 meter stigning. |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Forma var heller ikkje heilt på topp i dag, medga ho- det vart bryllaupsfeiring til langt på natt. |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Beste resultat:
Alle resultat. Reportasje laurdagsløpet |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
![]() Danske Peter Olesen, busett på Lanzarote, var ikkje van med norske motbakkar og fjell, men hevda seg godt likevel. ![]() Bjarne Boge frå Odda vart nummer to. Bjarne Boge var, som fleire andre vi snakka med, positiv til at løpet har mål på Fossli alle dagane, og såg gjerne at laurdagsløpet endar her også når det er betre ver enn det var denne gongen. Boge vann klasse 40-49 år. Reidar Matre var begeistra for løpet og ville ikkje hatt noko imot at det gjekk over ei heil veke! Kristoffer Tysseland er berre 15 år, men vart nummer fire samanlagt. Ole Vivelid Geir Ove Mjelde Frode Johansen Dee Cunningham Knud Hillers Håvard Boge Asle Øydvin Nils Pedersen Bjørn Hope og Karl David Stakseng ved ca 10 km. Løypa var totalt ca 22 kilometer. Karl David Stakseng Daniel Ness Torgils Bu og Rolf Jenssen Frode Vittersø Eli Toril Hellandsjø Bu har akkurat passert ei hytte der heiagjengen var plassert på taket. Knut Arne Vinge har berre nokre få meter att til mål på Fossli Vinnarane av den svarte trøya samla på Fossli Dei tre beste menn og kvinner: Frå venstre Thomas Andersen, Bjarne Boge, Peter Olesen, Eli Toril Hellandsjø Bu, May Britt Buer og Jenny Johnsen som deltok med tidtaking på crewløpet 4.-6. september og kom inn på tida 07:37:00. |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Dei som fullførte på tider under 6.9.16 fekk svart trøye, resten fekk oransje. Denne trøya var det også 21 trimmarar som fekk tak i, vilkåret var at dei fullførte alle tre løpa. I tillegg til dei 22 som deltok i konkurranseklassen var det mange sprekingar som deltok i trimklassen - utan tidtaking: 44 deltakarar fredag 27 deltakarar laurdag 24 deltakarar søndag ![]() Oppsummering: VøringfossRace fekk ekstremt godt skussmål frå deltakarane Det var ein ekstremt sprudlande arrangørgjeng Det var ekstremt bratt i nokre av bakkane og ekstremt fint når ein kom opp på fjellet Det var ekstremt ver- enten den eine vegen eller den andre Det er ekstremt freistande å melda seg på neste år - skulle gjerne hatt tak i den ekstremt fine skjorta... Link til bruk på Facebook og andre nettsider: http://kondismirror.edbc.no/bilder/bergen/2009/VoringfossRace.html |
Artikkelen fortsetter under annonsen