Denne reportasjen er 12. august supplert med 28 nye foto og kommentarar som vart lagt ut som ein ein separat artikkel KLIKK HER !
6 beste menn: 1. Richard Bartale, Kenya/ SK Vidar, 57.16 2. Henry Kiplagat, Kenya/ SK Vidar, 57.20 3. Kristen Skjeldal, Voss Friidrett, 59.41 4. Joseph Gray, USA, 1.00.57 5. Øyvind Heiberg Sundby, IK Tjalve, 1.00.58 6. Sindre Buraas, SK Vidar, 1.02.11 6 beste damer: 1. Guro Flatekval, Oppsal, 1.11.55 2. Therese Sjursen, BFG Fana; 1.14.19 3. Merete Helgheim, Gloppen FIL, 1.15.49 4. Marthe Katrine Myhre, Gjøvik FIK, 1.17.02 5. Elisabeth Hildanes, Eid IL, 1.18.58 6. Norunn Stavø, Florø TIF, 1.20.43
For alle resultat sjå www.fanaraaken.com
|
| | |
Det vart kenyansk duell om sigeren i Buff Fanaråken Opp med Richard Bartale som vinnar og Henry Kiplagat som nr. 2. Her passerar dei 2000 moh med kun 68 høgdemeter til mål. Bak dei ser vi 2000 høgdemeter rett ned i den innerste delen, Lustrafjorden, av Verdas lengste fjord Sognefjorden Foto Christian Prestegård |
|
| | |
Guro Flatekval, Oppsal IF,vann dameklassa på 1.11.55. Det er kun Anita Håkenstad Evertsen som har løpt raskare. Foto Christian Prestegård |
|
| | |
Kristen Skjeldal, Voss Friidrett er 42 år og imponerte med ein sterk 3 plass.
Det skal bli spennnande å sjå han aksjon neste helg i Grand Prix Skåla 1848m rett opp. Foto Christian Prestegård |
|
| | |
Øyvind Heiberg Sundby, Tjalve, som opprinneleg er frå Leikanger strammar sekken før spurten . Han ville ta att Gray som her ligg 15 sek framfor, men i mål mangla det eit sekund på delt 4 plass. Foto Christian Prestegård |
|
| | |
Therese Sjursen, BFG Fana vart nr. 2 i dameklassa vel 2 min bak Guro. Foto Christian Prestegård |
|
| | |
I fjor vart Joseph Gray nr. 4 i Skåla 1848m rett opp. Det vart han også i år i Buff Fanaråken Opp. Joseph er årets amerikanske meistar i fjelløp. Foto Christian Prestegård |
|
| | |
Det var stor spenning og god stemning blant dei omlag 250 trimmarane på toppen ved Fanaråkhytta som venta på at konkurranseløparane skulle kome i mål.
Fanaråkhytta er den høgastliggjande turisthytta i nord-Europa og eit unikt mål i eit motbakkeløp opp på ein fjelltopp. Her kunne deltakarane få servert varm suppe og ferske nybakte bakervarer med kaffe og mykje meir ! Foto Christian Prestegård |
|
| | |
Merete Helgheim, Gloppen FIL, vart tredje raskaste dame på 1.15.49. Til høgre kjem Kai Roger Haugen, Syril spurtande forbi og får tida 1.15.47. Foto Christian Prestegård |
|
| | |
Skiløparen Morten Eilifsen, Rindalstroll, stiller oftast opp i bermudashorts når han spring motbakkeløp. I Fanaråken Opp vart han nr 7 totalt på 1.03.49. Her tauar han på Joel Dyrhovden frå Samnanger som vart nr. 8 på 1.04.07. Foto Christian Prestegård |
|
| | |
Sindre Buraas vart i fjor verdsmeistar i motbakkeløp for junior. I Fanaråken Opp ville han satse og sjå om han klarte å følgje favorittane frå Kenya. Ved passering 1600 moh låg han på 3 plass, berre 30 sek bak. I mål var avstanden auka til nesten 5 min. og 3 løparar til kom før i mål. 6. plassen var ikkje noko nederlag for Sindre som ser på Buff Fanaråken Opp som ei flott oppkøyring til Adidas Skåla Opp neste helg. Foto Christian Prestegaard |
|
| | |
Harald Aas, Ulan Batos BB, vart nr. 9 totalt på 1.04.52. Foto Christian Prestegård |
|
| | |
Det er mange spreke born i og med tilknytning til Luster ! I eit motbakkeløp opp på ein fjelltopp utan veg er alle deltakarar samstundes som dei kan være tilskodarar til innspurten i ein topp internasjomal konkurranse. Det vart god tid til fotografering medan alle venta på at Toppspeaker Ove Nyland skulle melde om at konkurranseløparane nærma seg mål på 2068 moh ved Fanaråkhytta. Foto Christian Prestegaard |
|
| | |
Etter at eg kom i mål i trimklassa sprang eg nedover att i løypa for å ta bilder ved 2000 moh av dei beste løparane i konkurranseklassa. Då traff eg desse spreke damene som hasta oppover for å rekke toppen før konkurranseløparane som starta kl. 11.00. Her med 300 meter til mål er klokka 11.50 og det er berre nokre minutt att til Kenyanarane kjem stormande oppover, men dei rakk mål med akkurat god nok margin til å kunne oppleve den tøffaste duellen som har vore på Fanaråken sidan premiereløpet i 2003 ! Foto Christian Prestegård |
|
| | |
Det vart mange spurtoppgjer og fleire løp heilt likt over mål. Her blir det same sluttid 1.22.11 på nr. 128 Kristian Asplin, Trollo og nr. 125 Leif Jarle Espedal, Svint IL. Foto Christian Prestegaard |
|
Luster Kommunes store krystallvase til vinnarane av klasse 16-17 år |
| | |
For å stimulere nyrekrutteringa til motbakkeløping er det sett opp to ekstrapremiar i tillegg til øvrig premiering med tot.kr. 42.000 i pengepremiar, Klassevinnarpremiar frå La Sportiva, Buff og Bridgedale for omlag kr 30.000 og 20% premiering i kvar klasse i konkurranseklassane med flotte premiar , Her spurtar her Karoline Finne, Gular inn til siger i klasse 16-17 år på tida 1.23.49 og vinn den flotte Krystallvasen frå Luster Kommune. Håvard Fuglesteg frå arrangørklubben IL Fanaråk ( nr. 90) spurtar i mål på 1.23.55. Foto Christian Prestegaard |
|
| | |
Vinnaren av Luster Kommunes store krystallvase i Herreklasse 16-17 vart Martin Finne, Korlevoll som her ( Startnr. 58) kjem \"inneklemt\" mellom Trond Midtkandal, Eidsfossen Sykkel (150) og Therese Sjursen BFG Fana. Martin Finne vann på tida 1.14.17 og var 37 sek. raskare enn nr. 2 Hallvard Sørheim Evjestad, IL Bjørn. Sjå nedanfor. Foto Christian Prestegård |
|
| | |
Hallvard Sørheim Evjestad, Il Bjørn vart nr. 2 i kl. 16-17. Hallvard som kjem frå kommunesenteret Gaupne i Luster Kommune er ein særs lovande skiløpar. Foto Christian Prestegård |
|
Kr 3.000 til raskaste norske løpar under 20 år |
| | |
For å stimulere nyrekrutteringa til motbakkeløping vart det i år også sett opp ein ny ekstrapremie på kr. 3.000 til raskaste norske løpar under 20 år . Denne premien kjem i tillegg til øvrig premiering med tot.kr. 36.000 i pengepremiar til dei tre beste totalt, klassevinnarpremiar frå La Sportiva, Buff og Bridgedale for omlag kr 30.000 og 20% premiering i kvar klasse i konkurranseklassane med flotte premiar , Her har Elisabeth Hildenes , Eid IL, berre nokre meter att til mål og til 1. pl. i kl. 18-19 år og dagens raskaste for alle under 20 år. Foto Christian Prestegaard |
|
| | |
Asbjørn Berland, FIL AKS-77, vart dagens raskaste herreløpar under 20 år med tida 1.05.09 og kunne ta med seg sjekken på kr. 3.000. Asbjørn vil også neste år være junior i forhold til juniorklassa (17-19 år) i VM i motbakkeløp, og held han fram på dette nivået kan han bli ein svært god kandidat til juniorlaget til neste års VM. Foto Christian Prestegård |
|
| | |
I 2007 var Trond Lillealtern, Varegg , på Fanaråken under NM i motbakkeløp for å filme for NRK og lage programmet Året det var så bratt om Jon Tvedt. I år fekk Trond springe i konkurranseklassa sjølv , og det gjorde han på den gode tida 1.19.20 i klasse 55-59 år. Foto Christian Prestegård |
|
| | |
Norunn Stavø, Florø TIF, vann klasse 50-54 år på ei særs god tid 1.20.43. Foto Christian Prestegård |
|
| | |
Mads Bjørnar Leirdal , IL Bjørn, vann klasse 14-15 år på tida 1.17.17. Her spurtar han forbi Lars Sverdrup-Thygeson, Asker som vart nr. 2 i klasse 50-54 på tida 1.17.19. Foto Christian Prestegård |
|
| | |
Den lokale rikskjendisen Arne Johannesen,som er leiar i Politiets Fellesforbund, set her pers på heimebane i Fanaråken Opp med 1.20.18 og blir nr. 3 i kl. 50-54 år. Foto Christian Prestegård |
|
| | |
Det var mange utflytta Lustringar og Indre Sogninar som tok turen til topps på på Fanaråken. Øyvind Fossøy har gjort Bergensar av seg og representerer Varegg. Her har han praktfullt utsyn Austover i Jotunheiem 100 meter før målstreken og sluttida 1.37.16. Foto Christian Prestegård |
|
| | |
Buff Fanaråken Opp hadde i år deltakarar frå 10 land. Her spring Robert Krastings frå Latvia i mål på tida 1.22.31 i kl. 20-22 år. |
|
| | |
Sigbjørn Emblem, Hakallestranda FIL, held liv i reiselivsnæringa på Vestlandet. Kvar helg reiser han og fleire av klubbkameratane hans rundt på ulike motbakkeløp og han bur ikkje i telt, men tek inn på hotell. Buff Fanaråken Opp er eit av favorittløpa. Sigbjørn likar seg best i den siste bratte halvdelen av løypa. Jo brattare jo betre og neste helg får han det bratt nok i Adidas Skåla 1848m rett opp.
Her har Sigbjørn omlag 200m til mål på¨den gode tida 1.10.24. Foto Christian Prestegård |
|
| | |
Torunn Grut, Syril vart nr. 2 i kl.45-49 år på 1.32.39. Jan Lambrechts, Kyrkjebø IL kl. 50-54, fekk sluttida 1.32.40. Foto Christian Prestegård |
|
| | |
Odd Erik Haugen, IL Bjørn , kl. 50-54 år, sette ny personleg rekord i Fanaråken Opp med tida 1.23.39. Foto Christian Prestegård |
|
| | |
Jakob Meløy, Hafslo, har sommarjobb på fjellgarden Fuglesteg ovanfor Fortun, men fekk fri for å springe Fanaråken Opp. I år har det nok vorte for mykje jobbing på Jakob, for i fjor sprang Jakob som 15 åring heile 10 minuttar raskare enn i år. I år vart tida 1.33.38. Foto Christian Prestegård. |
|
| | |
Det som smakte aller best etter målpassering var denne gjerkringla med eplesylte og kanel ! Det var dama til hyttestyrar Eldar Venes som hadde bakt kringla på Fanaråkhytta. Dette er den einaste staden i Nord-Europa at du kan få ferske bakevarer som er bakt over 2000 moh ! I det fine været var salget flytta utandørs. Det smakte også utruleg godt med varm betasuppe 2068 moh! ..og turen ned att til Turtagrø gjekk som ein leik. OPPTUR også på nedtur ! Foto Christian Prestegård |
|
| | |
TOPPTEAMET som hadde ansvaret for målområdet inkl. tidtaking kan juble for eit godt gjennomført arrangement. Men det røyna på då reine tour de france-stemninga i målomtådet gjorde det uråd for tidtakarane å sjå startnummera før løparane var i mål,. Og som me har sett vart det mange tøffe spurtoppgjer med mange løparar samstundes i mål. Neste år må nok målområdet gjerast større og sperrast meir av. Men i år gjekk alt godt sjølv om det var nokre funskjonærar som vart sveitte i panna. Neste år går løpet 7. august med same starttider som i år. |
|
Merk at denne foto-reportasjen ikkje er slutt med dette, sjølv om kapasiteten er sprengt med 32 bilder. Onsdag 12. aug. vart denne reportasjen supplert med 28 nye foto og kommentarar som vart lagt ut som ein separat artikkel KLIKK HER ! |