Dadafo Dhagabi er ein 20 år gammel flyktning frå Etiopia som tidlegare i sommar har sprungi det 10 km lange Tordenskioldøpet på 33.21. Truleg er han i atskilleg betre form no. Nest best vart skisprintarane Johan Kjølstad og Kalle Lassila på 8.22,7 og 8.23,2. Therese Johaug var suverent best av kvinnene med over 20 sekunds forsprang til Marit Bjørgen som noterte 9.23,1. Pirjo Muranen tok tredjeplassen på 9.34,8. Felta var gode og vart dominert av mange løpssterke skiløparar. Kor mykje for kort løypa var, er ikkje godt å veta, men skjønnet til underteiknande seier at løparane hadde måtta plussa på minst eit halvminutt om distansen hadde vori eksakt. Dersom det da ikkje var eit A til B-løp med medvind og/eller nedoverbakke.
Alle resultat |
Artikkelen fortsetter under annonsen