Søndag 11. januar 2009 sprang motbakkekongen Jon Tvedt ut av tida så altfor tidleg berre 42 år gamal. For meg stoppa tida då eg fekk den triste og tragiske meldinga om at Jon hadde omkome under sin tradisjonsrike (søndags-)treningstur på Gullfjellet ved Bergen, - i eit område han elska å springe i. Det var ikkje til å tru at den aller beste og mest veltrente av oss til å springe i bratte motbakkar og ulendt fjellterreng skulle omkome på tragisk vis på si eiga heimebane,- Dei faste søndagsturane på Gullfjellet gav Jon ny inspirasjon og energi til å takle livets ulike motbakkar som han hadde meir enn nok av . . | ||||
Tankane i dag går fyrst og fremst til lille Jens , den 12 år gamle dottera Laila og hans næraste familie som på brutalt vis har mista sin kjære. Orda strekk ikkje til | ||||
Oppturen for motbakkeløping i Noreg har fått sin fyrste store nedtur og tomrommet etter Jon Tvedt er det ingen som vil klare å fylle. Det er den store frontfiguren blant motbakkeløparane som har gått bort. Jon vart det store fyrtårnet for den nye nasjonale motbakkeløp-bølgja med sine rå sigrar og rekordar i det eine motbakkeløpet etter det andre. Han vann alle 4 NM i motbakkeløp som har vore arrangert, og når det handla om tøffe og bratte motbakkefjelløp var det ingen nordmenn som klarte å slå han. I 2007 vann Jon Tvedt Skåla 1848m rett opp på ny løyperekord 1.08.39 under vinterlege og vanskelege løpsforhold. I går bestemte arrangøren at løyperekorden til Jon Tvedt blir ståande til evig tid for å heidre minnet om Jon Tvedt. Mange av verdas fremste motbakkeløparar har delteke i Skåla Opp, men ingen har klart å springe raskare enn Jon Tvedt . Løypetraseen opp frå Skålavatnet blir i år lagt i ein ny og forbetra sti som gjer løypa minst 2 minuttar raskare for dei beste. | ||||
Det var i 1995 at orienteringsløparen Jon Tvedt , med 10 NM-gull i orientering, debuterte som motbakkeløpar i Stoltzekleiven Opp i Bergen og sette det som er vorte ein historisk løyperekord på 8.13. Deretter vann kan løpet sju gonger og står med dei 4 beste tidene som er oppnådd i løpet dei 30 åra løpet har vore arrangert. Det er verd å merke seg at det berre er 10 sekundar mellom rekorden som han sette som 29 åring og tida som 42 åring i 2008, då han vann på 8.23, året før vann han på 8.19. Ikkje rart at Bergensarane kallar Jon for Stoltzekongen. | ||||
| ||||
Då Jon i fjor vart intervjua av Kristin Roset i boka Motbakkemoro sa han at han ikkje fyrst og fremst sprang for å konkurrere. Det viktigaste for Jon var å få vere i aktivitet i fjellet og oppleve den unike kjensla av å kome på toppen av eit fjell etter å ha sveitta godt oppover bakkane. Det er premie i seg sjølv å stå på toppen og nyte utsikta Jon hadde sjølv alltid med seg fotoapparatet og foreviga dei store naturopplevingane. I fotoarkivet hans ligg det i dag tusenvis av praktfulle bilete også frå dei 5 gongene han fekk representere Noreg i EM og VM i motbakkeløp. Ein stor og eineståande idrettsmann har gått bort, men alle dei positive minna om Jon Tvedt vil leve vidare. Vi lyser fred over hans minne Mvh Christian Prestegård Medlem i EUROPEAN ATHLETICS MOUNTAIN RUNNING COMMISSION Fagansvarleg i Norges Fri-idrettsforbunds for motbakkeløp Redaktør på www.kondis.no/motbakke |
Artikkelen fortsetter under annonsen