Ny løyperekord i Hanguren Opp på Voss | ||||
| ||||
Den store overraksinga for dei fleste på Voss var Øyvind Heiberg Sundby ,Tjalve, som vart nr. 2 "berre" 37 sek. bak Tvedt og 48 sek. før Skjeldal. Sundby som er fødd og oppvaksen i Leikanger i Sogn brukte Hanguren Opp som gjennomkøyring til NM i motbakkeløp 28. juni. -Eit løp som burde passe han endå betre. Etter mykje regn var det i dag dessutan vått og glatt oppover i den brattaste delen av løypa har ein stigningsprosent på over 25%. Kanskje klarar Øyvind å springe seg rett inn på laget til VM i motbakkeløp 14. sept. i Crans Montana i Sveits ? Øyvind har vist tidlegare at han har talent for motbakkeløp og i NM løypa i Storehesten Opp får han dessutan betre uttelling for løpskapasiteten sin ! Det skal ikkje berre kjempast om NM-medaljer , men om heile kr. 64.000 i pengepremiar ! NM-løypa har ein løypeprofil som oppfyller krava til EM- og VM-løyper med omlag 10% stigning. Til neste år håpar eg at også Vossingane vil lage ei slik løype opp til Lønahorgi 1440 moh ! Det kan bli eit løp i verdsklasse og mykje meir enn ein spektakulær prolog til ekstremsportveko på Voss ! Sjå artikkel på Kondis.no om NM i Storehesten Opp som uttakingsløp til VM i motbakkeløp | ||||
| ||||
| ||||
| ||||
| ||||
| ||||
Sjå også førehands-reportasjen på kondis.no. Der finn du også meir info om den 3350m lange Hanguren Opp-løypa med 640 m stigning. Her stolar eg på høgdemålaren min som viste at løypa hadde 640 meter samla stigning. Det betyr at løypa har ei snittstigning på 19%. MEN 19% er feil tal å bruke for å beskrive denne løypa. Dei fyrste 500-600 metrane gjennom Voss sentrum er flate og stigninga tek for alvor til fyrst etter 1 km. Den brattaste kilometeren er smal skogssti på jordunderlag og har ei stigning på omlag 30%. Her burde alle ha funne sin rette plass i feltet for det var ikkje lett å kome forbi. Det fekk eg erfare fordi eg bestemte meg for å åpne roleg denne gongen etter heilsprekken i Geiranger Halvmaraton forrige helg. Denne delen av løypa minna den meg om løypa i Skåla 1848m rett opp etter omlag 2km der den i omlag ein kilometer går bratt ( 30-35% !) opp på skogssti frå skogbilvegen. Meir info og fullstendig resultatliste finn du på www.vossfriidrett.org Då er det på tide å starte oppkøyringa og oppladninga til NM i motbakkeløp neste helg ved å lese reportasjane på kondis.no frå Storehesten Opp i 2007 og 2006 Og slik gjekk det i NM motbakkeløp 2007 |
Artikkelen fortsetter under annonsen