Storehesten Opp med NM blir eit viktig uttakingsløp til VM ! | ||||
| ||||
Storehesten Opp i Bygstad i Gaular Kommune har ein løypetrase når det gjeld lengde og høgdeskilnad som passar særs godt som uttakingsløp til VM el. EM i motbakke-fjelløp. I årets VM ( WORLD MOUNTAIN RUNNING TROPHY ) er løypa for herrer senior 12 km med 1046 meter samla stigning. Dvs. ei gjennomsnittleg stigning på 8,7% Løypa i Storehesten Opp som du ser nedanfor er 11 km lang med 1209 meter stigning. Dvs. ei gjennomsnittleg stigning på 10,9%. | ||||
| ||||
I både EM og VM i motbakkeløp er det alltid kortare løyper for Kvinner og Juniorklassane. I Crans Montana 14. sept. er løypa for Kvinner senior og Menn Junior 8,4 km med 733 meter stigning ( 8,7% stigning) Kvinner Junior spring ei løype på 4,7 km med 314 meter stigning ( 6,7% stigning ) Sjå fullstendig info om VM ( World Mountain Running Trophy ) på www.wmrt2008.org Ta deg også tid til å studere reglementet og infoen om EM og VM i motbakkeløp på www.wmra.info Sjå reportasje frå EM i motbakkeløp 2007 med Gull til Anita og Bronse til Kirsten ! Sjå også den fyrste artikkelen som eg skreiv om løype-reglement for internasjonale meistarskap i motbakkeløp på kondis.no HER ! Spørsmål kan rettast til: Christian Prestegård Medlem EUROPEAN ATHLETICS MOUNTAIN RUNNING COMMISSION Fagansvarleg og leiar i Norges Fri-idrettsforbunds utval for motbakkeløp E-mail: christian@prestegaard.no Tlf. + 47 99 52 11 99 |
Artikkelen fortsetter under annonsen