DEVOLD GEIRANGER HALVMARATON, frå 0 til 1500 moh, var i år eit av 6 løp i Powerade Norgescup i motbakkeløp. Sjå Info om Powerade Norgescup i motbakkeløp HER !: Kongen av dei bratte motbakkane ,Jon Tvedt Gular IL, var ikkje storfavoritt som han er i dei bratte ulendte motbakkefjelløpa.I det 21 km lange vegløpet frå Geirangerfjorden til Dalsnibba 1500moh fekk han vist at han også kan springe fort i slake motbakkeløyper på veg ! I mål var han kun 10 sekundar bak den 5 år gamle løyperekorden til Skiskyttaren Hans Martin Gjedrem på 1.30.10. Nr. 2; Mikael Olsen, Namdal Løpeklubb, 1.32.07 Nr. 3. Hans Martin Gjedrem, Valldal IL, 1.33.12 Nr. 4. Tormod Tjørnhom, KIF, 1.37,21 Nr. 5: Lars Vels, Viborg Af 1:42:23 Nr. 6: Ronny Hognestad, 1:42:37 Nr. 7: Kjell Erling Mundal, Jølster I.l. 1:44:50 Nr. 8: Magnor Rypdal, Isfjorden Il 1:44:56 Nr. 9: Sverre Gunnar Brunstad, Velledalen Il 1:45:09 Nr. 10:Runar Korsnes, Ålesund Friidrettsklubb 1:45:40 I dame klassa vann fjorårets EM- og VM-vinnar i motbakkeløp Anita Håkenstad Evertsen, Øystre Slidre IL, på tida 1.43.25 ein suveren siger. Det var over 10 min ned til Nr. 2 Merete Helgheim , Gloppen IL på 1.54.34 og Nr. 3. Helene Pemmer, IL Fri , 1.55.28 som vann det fyrste løpet i Powerade Norgescup i Ulriken Opp i Bergen 31. mai. Då var Anita skada. Nr. 4: Helene Melbø, Gausdal Fik 1:57:43 Nr. 5: Camilla Grieg, Grieg Team 2:04:58 Les også reportasjen til Helge Fuglseth på Møre og Romsdal-sidene Her skal eg la bileta fortelje litt av den praktfulle historia frå alle oppturane i Geiranger den 15. juni 2008: Sjå flott BILDEARKIV på www.frafjordtilfjell.com | ||||
| ||||
| ||||
Fullstendige resultatlister Sjå Info om Powerade Norgescup i motbakkeløp HER !: Årets arrangement i Geiranger vart ein knallsuksess med ny deltakarrekord i alle dei 4 løpa i motbakkeløp-festen FraFjordTilFjell.Talet på fullførande: Devold Geiranger Halvmaraton 167, Devold Nibberittet: 388, Geiranger-Marsjen : 144, Miniton: 72 Nibberittet er med 388 deltakarar det største reine motbakkerittet i Noreg og Devold Geiranger Halvmaraton er eit eineståande halvmaratonløp i Europeisk målestokk med 1496 høgdemeter mellom start og mål . Devold Geiranger Halvmaraton er eit av dei flottaste, mest unike og spektakulære motbakke-fjelløpa som går på veg i Noreg og kanskje i heile verda ! Geiranger har jo også ein unik posisjon som nr. 1 på verdensarvlista i verdas mest attraktive reisemål iflg National Geographic Magazine Traveller. Motbakkeløpa opp på praktfulle fjelltoppar er den flottaste marknadsføring av fjord-og fjellandskapet. På 6 år har talet på motbakkeløp auka frå 5 til 65 med 20.000 deltakarar i 2008 ! Det kjem mange fleire bilder i denne reportasjen på tysdag ! I tillegg kjem også Helge Fuglseth med mange bilder ker på kondis.no ! | ||||
| ||||
| ||||
| ||||
| ||||
| ||||
| ||||
| ||||
Artikkelen fortsetter under annonsen