![]() Foto: Heimesida til Eggenipa Opp Merete Helgheim forbetra sin eigen løyperekord med over halvanna minutt medan Øyvind Heiberg Sundby sprang 2.25 under Roger Aa Djupvik sin eitt år gamle rekord. Ingen av dei to vinnarane var hardt pressa, og Helgheim hadde heile 8 minutts avstand til kvinne nummer to, Malene Haukøy. Arve Rindal var nest beste herre, halvanna minutt bak Heiberg Sundby. Det var ein nedgang i talet på deltakarar, frå om lag 150 i fjor til 100 i år. - Dette hadde nok mykje med det dårlege vêret som var i dagane før løpet. Vêrmeldinga for løpsdagen var òg svært skral, men heldigvis vart vêret mykje betre enn meldt, fortel Vidar Sandal i arrangementsstaben.
Alle resultat og biletreportasje hos Breimsbygda IL |
Artikkelen fortsetter under annonsen