Tekst og foto Christian Prestegård Her finn du komplett resultatliste Sjå også reportasjen til Kristin Roset Meir info om løpet finn du på www.storehestenopp.no | ||||
Storehesten Opp vart ei særs vellukka siste konkurranse-gjennomkøyring før EM i motbakkeløp 8. juli for Øystein, Jon og Tormod ! | ||||
| ||||
Dei 6 raskaste menn: 1. Jon Tvedt, Gular IL, 1.06.08 ( Ny løyperekord ) 2. Øystein Sylta, SK Vidar, 1.09.27 3. Tormod Tjørnhom, KIF, 1.10.34 4. Bjarne Nes, Sogndal, 1.13.18 5. Morten Eilifsen, Rindals Troll, 1.14.40 6. André Haugsbø, Gaular IL, 1. 15.11 Den 11 km lange Storehesten Opp-løypa med 1209 høgdemeter mellom start og mål er ei særs relevant løype som gjennomkøyring til EM. Den gjennomsnittlege stigninga er 11%. Men viktig løypeinfo kjem ikkje fram i desse tala fordi den samla stigninga i Storehesten Opp-løypa er på 1280 meter i iflg min Polar Pulsklokke med høgdemålar som også registrerer samla stigning "total climb" ! Klokka viser at det er unnabakkar i løypa som tilsaman utgjer 70 høgdemeter ! I EM i Cauterets i Frankrike er herreløypa 12,5 km lang med 1374 høgdemeter mellom start og mål. Dvs. 11,4% gjennomsnittleg stigning. Kvinneløypa er 8,5 km lang med stigning på 975 meter. Dvs. snittstigning på 11,5%. Sjå info om EM her ! I Storehesten Opp imponerte Jon Tvedt med ny løyprekord trass i ei særs tøff oppladning der han sist måndag mista sin for tidleg fødde son som hadde lege i respirator. Det kan sjå ut til at Jon bokstaveleg tala spring fortare jo brattare og tøffare motbakkane er. Til avisa Firda sa Jon etter løpet at hard trening og fysisk smerte har vore terapi mot sorg. Firda har hittil skreve 4 heilsider etter Storehesten Opp og er den fremste avisa i Noreg til å dekke motbakkeløp i motbakkeløp-fylket nr 1 i Noreg. Og no startar oppkøyringa mot Turtagrø-Fanaråken Opp 11. august med NM i motbakkeløp for senior og veteran og Skåla 1848m rett opp 18. august. Øystein Sylta kom direkte frå eit 3000m hinder-løp i Danmark kvelden før og var nok ikkje heilt restituert til Storehesten Opp, men Øystein fekk den gjennomkøyringa han trengte for å være klar til EM. Også Tormod Tjørnhom fekk det svaret han ville ha frå kroppen. No er han på opptur mot EM og Noreg har fått eit godt lag til lagkonkurransen som absolutt bør kunne forbedre 13 plassen frå EM i 2005. | ||||
| ||||
Medan Jon Tvedt måtte sette seg i bilen for å køyre attende til Bergen etter løpet kunne Øystein og Tormod slappe av i Bygstad på garden til primus motor Helge Kårstad. Eg fekk gleda av å springe ein praktfull morgontur saman med dei dagen derpå. I bakgrunnen ruvar Storehesten 1209 moh. For å markere at no er fokus EM i motbakkeløp sprang vi morgonturen i EM-T-Skjorta som er sponsa av GRIEG Gruppen og BUFF som er offisielle sponsorar for det norske EM-laget og utvalet for motbakkeløp i Norges Fri-idrettsforbund. I tillegg til Jon, Øystein og Tormod spring også Svein Inge Buhaug , SK Vidar , på det norske herrelaget i EM. I lagkonkurransen kan kvart land delta med 4 løparar og 3 tel i konkurransen. På det norske damelaget deltek Noreg med 3 løparar som alle tel i lagkonkurransen, Det er Anita Håkenstad Evertsen, Øystre Slidre, Kirsten Melkevik Otterbu, BFG Fana og Christina Bus Holth, SK Vidar. Det ambisiøse målet i år er å ta ein medalje i lagkonkurransen for damer el. individuelt. I fjor vart Anita nr. 4 i VM og Kirsten nr. 8. Dersom dei er på tilsvarande nivå i år og Christina spring opp mot sitt aller beste ( 35 blank på mila ) kan Noreg klare å ta ein historisk EM-medalje. Då må alt klaffe for i år er heile Europa-eliten frå 23 land på plass. I dameklassa er det påmeldt 71 løparar og 77 i herreklassa. | ||||
Dei beste damene i Storehesten Opp | ||||
| ||||
Dei 6 beste damene: 1. Merete Helgheim , Gloppen FIL 1.27.36 ( Ny løyperekord ) 2. Bodil Ryste, Hovdebygda IL, 1.37.32 3. Norunn Stavø, Florø FIL, 1.39.22 4. Lene Rørvik, GTI Stavanger, 1.41.28 5. Vigdis G. Reigstad, IL Fri, 1.43.46 6. Eli Anne Dvergsdal, Jølster IL, 1.47.04 | ||||
Gledene ved å være på TOPPEN med praktfullt utsyn, vidsyn , entusiasme og begeistring. Det er dette motbakkeløp opp på praktfulle fjelltoppar handlar om ! | ||||
| ||||
TOPP stemning på TOPPEN med 860 trimmarar som heia på 120 konkurranseløparar | ||||
| ||||
| ||||
| ||||
Nedturen blei også ein opptur ! | ||||
| ||||
Takk for oss ! Dette var ein praktfull generalprøve før NM i motbakkeløp neste år ! | ||||
|
Artikkelen fortsetter under annonsen