Anita+H%E5kenstad+Evertsen+ved+passering+2000+moh+p%E5+veg+mot+suveren+siger+og+ny+l%F8yperekord+p%E5+1.08.27+i+fjor.+Vil+ho+klare+%E5+ta+sitt+tredje+strake+NM-gull+i+motbakkel%F8p+i+denne+l%F8ypa+11.+august+%3F+Foto%3A+Anne+Jenny+Dvergsdal.
Anita Håkenstad Evertsen ved passering 2000 moh på veg mot suveren siger og ny løyperekord på 1.08.27 i fjor. Vil ho klare å ta sitt tredje strake NM-gull i motbakkeløp i denne løypa 11. august ? Foto: Anne Jenny Dvergsdal.
Arrangøren understrekar at alle som vil vere med å kjempe om NM-medaljar i senior NM og veteran NM må representere og melde seg på gjennom ein (fri-)idrottsklubb som er medlem i Norges Fri-idrettsforbund. Dette er eit vedtak og krav frå Norges Fri-idrettsforbund som alle arrangørar må rette seg etter. " For å få medalje i NM må deltakaren være tilslutta ein klubb tilhøyrande Norges Fri-idrottsforbund".
NM i motbakkeløp med over 500 på Fanaråken 2.068 moh den 11. aug. 2007
Jon+Tvedt+ved+passering+2.020+moh+d%E5+han+i+fjor+sette+ny+l%F8yperekord+i+Turtagr%F8-Fanar%E5ken+Opp+p%E5+58%2C37+nesten+12+min.raskare+enn+den+gamle.+Dersom+han+kjem+fyrst+i+m%E5l+ogs%E5+i+%E5r+den+11.+august+blir+han+Norsk+meistar+i+motbakkel%F8p+for+tredje+%E5ret+p%E5+rad.+Foto%3A+Anne+Jenny+Dvergsdal
Jon Tvedt ved passering 2.020 moh då han i fjor sette ny løyperekord i Turtagrø-Fanaråken Opp på 58,37 nesten 12 min.raskare enn den gamle. Dersom han kjem fyrst i mål også i år den 11. august blir han Norsk meistar i motbakkeløp for tredje året på rad. Foto: Anne Jenny Dvergsdal
Arrangør IL Fanaråk la ut ei lang jule og nyttårshelsing på heimesida www.fanaraaken.com der dei takka alle samarbeidspartnarar og deltakarar i 2006 for at de var med å laga det største og beste arrangementet som dei hadde hatt. Den 12. august 2006 sykla, sprang og gjekk om lag 400 deltakarar til topps på Fanaråken 2.068 moh. Sjå reportasjane med flotte foto på kondis.no.

LES REPORTASJEN FRÅ 2006 HER !

Den 11. august i år håpar arrangøren at du blir med for å lage ein endå større motbakkeløp-fest på Fanaråken enten du deltek i trimklassa utan tidtaking el. i konkurranseklassane med NM i motbakkeløp !

P.g.a. NM i motbakkeløp som er lagd inn i Turtagrø-Fanaråken Opp vil det i år ikkje bli arrangert Duatlon-konkurranse. Turtagrø-Fanaråken Opp med NM i motbakkeløp for både senior og veteraner fortener og treng 100% fokus den 11. august i 2007 ( men Duatlon er sjølvsagt tilbake i 2008). IL Fanaråk ønskjer å lage ei flott ramme rundt løpet og då treng dei også hundrevis av trimmarar som går opp til topps tidleg om morgonen for å lage stor stemning på toppen når dei beste motbakkeløparane i Noreg kjempar om NM- medaljane. " Me håpar og trur at det blir over 500 deltakarar !"- seier arrangøren med dei flotte spektakulære bileta frå motbakkeløp-festen på Fanaråken i fjor i friskt minne!
Meld deg på no og bli m.a. med i loddtrekking av 42 premiar frå Puma
Foto+Christian+Presteg%E5rd.%0D%0AStor+entusiasme+og+begeistring+i+trimklassa+med+m%E5let+i+sikte+og+Skagast%F8lstindane+i+ryggen+som+storslagne+natur-kulissar+%21++
Foto Christian Prestegård. Stor entusiasme og begeistring i trimklassa med målet i sikte og Skagastølstindane i ryggen som storslagne natur-kulissar !
Vær tidleg ute med påmeldinga. Då er du m.a. med loddtrekking av 42 premiar frå Puma.
14 par løpesko og 28 tekniske T-skjorter skal trekkast ut blant alle som har meldt seg på frå nyttår og t.o.m. påmeldingsfristen 11. juli. Det vil bli føreteke ei trekking kvar månad f.o.m. januar mnd t.o.m. juli månad av 2 par løpesko og 4 t-skjorter. Dersom du melder deg på i januar er du med i tilsaman 7 månadlege loddtrekkingar !

For å få med endå fleire trimmarar har arrangør IL Fanaråk sett ned startkontingentane i trimklassa til kun kr. 75 for alle frå 12 - t.o.m. 22 år og til kr. 125 for alle over 22 år. Det er også gunstige tilbod til familiar og grupper. Les meir om dette i løpsinfoenHER !


MELD DEG PÅ HER !


SJÅ OGSÅ SAMLESIDA FOR LØPET PÅ KONDIS.NO