![]() 26 deltakarar klare til start på Lunde, 403 moh. Med startnr. 1 til venstre ser vi vinnar Leif Bjørn Gridendal. Odd Harald Gram sjekkar klokka, og nr. 22 er Odd Arne Hamre. Nr 4 er Martin Hindenes, og karen i profil er Håvard Selseng som vart nr. 3. Einar Bystøl har startnr. 2. Guten i blått er 13 år gamle Sondre Eide Kvitne frå Bulken. ![]() Leif Bjørn Grindedal er i arrangørstaben til det nye motbakkeløpet i Feios i Sogn. Han er lokalkjend i området og prøvesprang løypa på 42 minutt. Med solide motbakkeløparar som konkurrentar vart rekorden korta med 3 minutt. ![]() Tre vikjer: Frå venstre Svein Hønsi, Jo Risløv og Edvin Skjerven. ![]() Foto: Sigurd Henjum Halsnes Dameklassen er samla: Frå venstre kondisreporteren som inntok ein suveren sisteplass, 15 år gamle Kine Eide Kvitne frå Bulken som vart nr. 2, nr. 3 Linda Grepstad Grinde og vinnaren Torunn Grut, begge frå Leikanger. Store og små trimklassedeltakarane kosar seg på toppen i vindsstille med utsikt over Sognefjorden. Det var ein fin debut for dette motbakkeløpet som vart arrangert av Feios Idrettslag med god sponsorhjelp. Premieringa var svært bra, det var både pengepremiar og nyttige ting å hente både for dei raske og oss andre. Løypa var tørr og fin, ca to tredeler var over tregrensa. Det er vel berre å gje seg over for ein ihuga asfaltløpar og. Det er ikkje så aller verst å komma seg vekk frå trafikken, slita seg opp motbakkane med målseglet i sikte høgt der oppe og ha heiagjengar på kvar haug oppover og ikkje minst ved mål. Største heiagjengen får sjølvsagt den som kjem sist til topps. | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Resultatliste Vidasete opp 26.8.2006 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sjå også Feios.no. |
Artikkelen fortsetter under annonsen