| | |
Det blei 2. plass på Arne Post i år. Han klarte ikkje å kopiere sigeren frå 2004, men han fekk behalde løyperekorden sin på 1.51.52. I år vart tida 1.53,43. 23 sek. bak vinnaren Lars Kristian Johnsen |
Samleside med alt om Fanaråken Duathlon og Turtagrø-Fanaråken Opp |
Duatlon-vinnaren Lars Kristian Johnsen, Eidsvoll SK |
| | |
Lars Kristian Johnsen spurtar inn til siger 23 sekundar før Arne Post på 2 pl.
I fjor blei Lars Kristian nr 2 bak motbakkekongen Jon Tvedt då mål var på Sognefjellshytta |
|
Duatlon-vinnaren Ingrid Fjær Andersen, Syril |
| | |
19-åringen Ingrid Fjær Andersen, Syril overraska med å vinne duatlon på ny løyperekord 2.28.20. Ho slo den gamle .løyperekorden frå 2004 med over 12 min.
|
|
Alf Roger Holme, Ullensaker SK |
| | |
I år som i fjor blei Alf Roger Holme nr. 3. I år sykla kan lagtempo med Lars Kristian heilt opp til Turtagrø. Både Alf Roger og Lars Kristian kom i år tilbake for å få oppleve utsynet og vidsynet frå Fanaråken. På nedturen fekk ddei begge god tid til å nyte utsynet ned mot Skjolden og Lustrafjorden 2000 høgdemeter nedanfor.
Dette er eit unikt utsiktspunkt. Det er ikkje mange stader det er mogeleg å sjå 2000 høgdemeter rett ned i ein fjord. |
|
Ammy Karlsen, Bergenslærerne |
| | |
Ammy Karlsen vinn klasse 40-44 år og blir tot. nr 2 kun 41 sekundar bak Ingrid. |
|
Oddgeir Bukve og Geir Sandal |
| | |
Oddgeir Bukve, Jotun IL (74) blir nr. 3 i klasse 40-44 på 2.22.24. Same plassering fekk Geir Sandal, Spjelkavik IL i kl. 45-49 med 2.22.25 |
|
Praktfull opptur for Joar Egner, Terra |
| | |
Joar Egner, Terra, forbedra tida frå 2003 med 15 minuttar og fekk ein praktfull opptur til topps |
|
Arne Torkildsen, Skarphedin |
| | |
Arne Torkildsen frå Bø i Telemark vann kl. 55-59 år på 2.30.44 og forbedra tida si frå 2004 med 7 min. |
|
Nils Solheim, Jotun IL |
|
Toralv Duesund, Alversund |
|
Arne Johannesen , Politiets Fellesforbund |
|
Fredrik Knutsen. Kjempeopptur for SAS |
|
Entusiasme og begeistring også i Raude Kors Hjelpekorps |
| | |
Stor stemning i Raude Kors Hjelpekorps-stasjonen i Helgedalen der løypa forlet fjellvegen og går rett til topps med 1000m stigning på 3,5 km. Det vart lite å gjere for Raude Kors denne praktfulle dagen. |
|
Drikkestasjon i Helgedalen før det går rett til topps |
|
Løpsleiar Anders Fortun kan feire eit praktfullt og prikkfritt gjennomført arrangement. Velkommen tilbake til NM i Motbakkeløp 11. august 2007 |
|