I år ønskjer arrangøren IL Fanaråk, ved primus motor Anders Fortun, meir fokus på mosjonsløpet for alle Turtagrø-Fanaråken Opp. Motbakkeløp-bølja i Sogn og Fjordane skuldast ikkje minst den store oppslutningen frå vanlege trimmarar og turgåarar. Det er trimmarane som lagar den praktfulle stemninga og inspirerar konkurranseløparane til topp innsats. | ||||
Over 300 deltakarar på Fanaråken 2.068 moh ? | ||||
Fjorårets kjempe-suksess med 1020 deltakarar i Skåla 1848 m rett opp og heile 446 i deltakarar i konkurranseklassane i NM Motbakkeløp har inspirert neste års NM arrangør ! På Skåla hadde nesten 600 deltakarar i trimklassa gått opp på toppen før NM løpet starta og laga ei praktfull stemning og entusiastisk ramme rundt målområdet 1848 moh ved Skålatårnet. Arrangøren IL Fanaråk vil oppfordre alle Sogningar og ikkje minst alle Lustringar til å ta turen til Fanaråken 12. august. I Storehesten Opp i Bygstad i Gaular Kommune deltok over 700 lokale trimmarar i premiereløpet 8. juli i år. Arrangøren etterlyser det same engasjementet hjå Sogningane og då spesielt Lustringane . Dei to siste åra har løpet opp til Fanaråken samla om lag 250 deltakarar og dette talet bør i år auke med minst 100 trimmarar frå Indre Sogn ! Her kan dei delta i eit arrangement som er unikt i Europeisk målestokk og gje den praktfulle naturen i Sogn nasjonal og internasjonal PR ..og ikkje minst vise at Sogningane vil melde seg på i konkurransen om å vere sprekast til å gå motbakkar opp på praktfulle fjelltoppar i Sogn og Fjordane ! | ||||
Etterpåmelding utan tilleggsgebyr i Trimklassa ! | ||||
I år er det topp nasjonal deltaking. Dette tyder på at løyperekordane i NM-løypa blir forbedra allereie under årets løp 12. august når mange av Noregs fremste motbakkeløparar vil teste NM-løypa før neste års NM. Fjorårets Noregsmeistrar i motbakkeløp Anita Håkenstad Evertsen ( Østre Slidre IL ) og Jon Tvedt ( Gular ) er allereie påmelde. Det er også skiskyttaren Hans Martin Gjedrem som i fjor blei Noregsmeistar i 20 km skiskyting og bronsemedaljevinnar i NM motbakkeløp. Den lokale favoritten Bjarne Nes som i fjor vart nr. 5 i NM er på opptur og kan overraske. Det kan også motbakke-talentet Morten Eilifsen, Rindals Troll, som vart nr. 4 i NM i Skåla 1848m rett opp i fjor som 21-åring. Han er ubeseira i kl. 19-22 år Jørgen Rostrup (f. 1978) som representerer Kristiansand Orientering stiller i Fanaråken Duatlon! Rostrup har 4 indivuelle VM-gull i orientering! 2 som senior og 2 som junior. Rostrup utfordrar Arne Post som vann Fanaråken Duatlon i 2004. Post er både Norsk meistar i Duatlon og Verdsmeistar i vintertriatlon ! Det bør bli TOPP underhaldning og ein praktfull opptur, - ikkje minst for trimmarane ! |
Artikkelen fortsetter under annonsen