Det blei ein flott friidrettsdag på Sandnes stadion idag.

Hinder: Det var tynt med deltaking i nokre øvelsar, spesielt hinder for kvinner. Her stillte kun Møre jentene Kristine Engeset og Karoline Bjerkeli Grøvdal opp. Men dei gjorde til gjengjeld ein imponerande innsats. Grøvdal sette ny personleg rekord på kort tid med fem sekund, og det etter å ha løpt åleine på dei siste rundane.
- Det gjekk veldig fint undervegs, men det er alltid litt ekstra tungt å ta ut alt når ein er åleine på dei siste rundane.Eg er likevel kjempe godt fornøgd, sa Grøvdal. Både ho og Engeset skal til Junior VM Bejing i august. Engeset kom inn på 10.33.08.

Bjørnar Ustad Kristensen fekk også vist seg fram, og det på heimebane. Han viste svært lovande takter og var veldig agressiv over hindera. Flott løping! Det blir nuk ikkje lenge før vi ser 8.29 talet.

1500 meter menn: Ådne Svahn Dæhlin satsa på 400 meter idag (49.38), men stilte opp som hare på 1500 meter.Etter å ha drege feltet opp i god fart var det Bård kvalheim og Morten Velde som skulle kjempe om sigeren og dei gode tidene. Haugesund guten hadde mest sprut i beina i spurten og vann på 3.47.08.

1500 meter kvinner: Ragnhild Kvarberg fekk jobben som hare denne gongen, og hjalp Ingunn Opsahl og dei andre jentene fram til 1000 meter. Deretter var det Opsahl som fekk jobben dei siste 500metrane. Ho vann suverent i joggesko(!) på ny pers og 4.31.37
- Eg har slite med beinhinnebetennelse sidan ifjor haust, og vil derfor ikkje presse meg i piggsko. Eg trur eg kunne løpt ein del raskare dersom eg hadde meir pes på slutten, sa Opsahl etter målgang og løpte vidare uanstrengt.

At det ikkje er nødvendig å gi seg etter ein har fått barn viste iallfall GTI damene, Lene Rørvik og Vigdis Holst. Dessverre kom Holst like bak NM kravet, men det kjem fleire sjansar.Å løpe på 4.44.19 når ein har tre barn og er 37 år er utruleg imponerande. Lene Rørvik var stornøgd etter å ha persa seg med omlag 20 sekund frå ifjor. Ho kom inn på 4.52.74. At det rekrutterast gode jenter på mellomdistanse i Sandnes er gledeleg å sjå. Katrine Owren sette igår ny pers med tida 4.46.83.

RESULTAT: Elitestevne Sandnes 10.juni
Karoline+Bjerkeli+Gr%F8vdal%28n%E6rmast%29+og+Kristine+Engeset+kjempa+lenge+saman%2C+men+p%E5+dei+siste+rundane+m%E5tte+Engeset+gje+slepp.
Karoline Bjerkeli Grøvdal(nærmast) og Kristine Engeset kjempa lenge saman, men på dei siste rundane måtte Engeset gje slepp.
Bj%F8rnar+Ustad+Kristensen+sette+ny+personleg+rekord+med+8.34.52.
Bjørnar Ustad Kristensen sette ny personleg rekord med 8.34.52.
Ragnhild+Kvarberg+drog+feltet+til+1000meter.+Ingunn+Opsahl%28+like+bak%29+tok+d%E5+over+roret+og+vann+suverent+p%E5+4.30+og+ny+personleg+rekord.+I+lette+joggesko+vel+og+merke.Vigdis+Holst%28nr.18%29+blei+til+slutt+nummer+tre%2C+bak+Opsahl+og+Silje+Fj%F8rtoft%28nr.83%29.
Ragnhild Kvarberg drog feltet til 1000meter. Ingunn Opsahl( like bak) tok då over roret og vann suverent på 4.30 og ny personleg rekord. I lette joggesko vel og merke.Vigdis Holst(nr.18) blei til slutt nummer tre, bak Opsahl og Silje Fjørtoft(nr.83).
Med+%C5dne+Svahn+D%E6hlin+som+hare+fekk+1500m+feltet+opp+farten.+Like+bak+ser+vi+s%F8lvvinnar+B%E5rd+Kvalheim%2C+vinnar+Morten+Velde+og+Skjalgs+Daabyaa+Badhaso.+Vinnartida+blei+3.47.08+til+Haugesunds+store+l%F8par%2C+Morten+Velde.Alle+foto%3A+Kristin+Roset
Med Ådne Svahn Dæhlin som hare fekk 1500m feltet opp farten. Like bak ser vi sølvvinnar Bård Kvalheim, vinnar Morten Velde og Skjalgs Daabyaa Badhaso. Vinnartida blei 3.47.08 til Haugesunds store løpar, Morten Velde.Alle foto: Kristin Roset