NM løypa 2007
Arne+Post+f%F8rer+an+feltet+i+Fanar%E5ken+Duatlon+i+2004%0D%0AFoto%3A+Kjell+Vigestad
Arne Post fører an feltet i Fanaråken Duatlon i 2004 Foto: Kjell Vigestad
har ein høgdeskilnad på 1200 meter frå starten på Turtagø (868 moh) til mål ved Fanaråkhytta ( Nord-Europas høgastliggjande turisthytte ) 2.068 moh. Løypelengda er 8,4 km og den gjennomsnittlege stigninga er vel 14%. Løypa startar med 400 m slak stigning (8%) på asfalt, deretter flott brei fjellsti og turveg på grus før det stig bratt (25-35%) oppover dei siste 4 km på fjellsti oppover til Fanaråken. Løyperekorden i dameklassa har Ine Wigernæs, Lyn Ski med 1.15.52 og Harald Slettvold, Gloppestadgutane har løyperekorden i herreklassa med 1.10.04. Rekordane vart sett i 2004 . Dette året hadde dei 3 beste i Fanaråken Duatlon ( Arne Post, Hans Martin Gjedrem og Tore Bjonviken ) bedre etappetid enn 1.10 på Turtagrø-Fanaråken Opp sjølv med den tøffe sykkeletappa opp frå Skjolden i beina. Sjå løpsinfo på www.fanaraaken.com



Dette tyder på at løyperekordane i NM-løypa, i alle fall i herreklassa , blir forbedra allereie under årets løp 12. august når mange av Noregs fremste motbakkeløparar vil teste NM-løypa før neste års NM. Fjorårets Noregsmeistrar i motbakkeløp Anita Håkenstad Evertsen ( Østre Slidre IL ) og Jon Tvedt ( Gular ) er allereie påmelde. Det er også skiskyttaren Hans Martin Gjedrem som i fjor blei Noregsmeistar i 20 km skiskyting og bronsemedaljevinnar i NM motbakkeløp. Det nye i år er at det er sett opp samanlagtpremie på kr. 10.000,- til den kvinne og mann som har beste samanlagt tid i Turtagrø-Fanaråken Opp og Skåla 1848 m rett opp ( 19. august ). I fjor var det Fanaråken Duatlon som var med i samanlagtpremien med Skåla Opp då Anita Håkenstad Evertsen og Jon Tvedt vann både NM motbakkeløp i Skåla 1848 m rett opp og Fanaråken Duatlon. Neste år vil IL Fanaråk sette opp gode pengepremiar til medaljevinnarane i NM med min. kr. 10.000 i 1. premie.
Folkefest på Fanaråken 2.068 moh.
De+f%F8rste+14+som+deltok+i+det+aller+f%F8rste++Fanar%E5ken+i+2003%0D%0AFoto%3A+IL+Fanar%E5k
De første 14 som deltok i det aller første Fanaråken i 2003 Foto: IL Fanaråk
Arrangøren IL Fanaråk har ambisjonar om å lage Noregs største folkefest så høgt til fjells ! Målpasseringa er 2.068 moh ved Nord-Europas høgastliggjande turisthytte på Fanaråken. Fjorårets kjempe-suksess med 1020 deltakarar i Skåla 1848 m rett opp og heile 446 i deltakarar i konkurranseklassane i NM Motbakkeløp har inspirert neste års NM arrangør ! På Skåla hadde nesten 600 deltakarar i trimklassa gått opp på toppen før NM løpet starta og laga ei praktfull stemning og entusiastisk ramme rundt målområdet 1848 moh ved Skålatårnet.
NM motbakkeløp i år
Jan+Holte+Karlsen+instruerer+i+motbakketeknikk+i+eit+spektakul%E6rt+parti+ved+passering+2000+m.o.h.+med+om+lag+1000+meter+%94fritt+fall%94+rett+ned+i+Helgedalen.+%28Fra++det+aller+f%F8rste+Fanar%E5ken+Duatlon+i+2003%29%0D%0AFoto%3A+Christian+Presteg%E5rd
Jan Holte Karlsen instruerer i motbakketeknikk i eit spektakulært parti ved passering 2000 m.o.h. med om lag 1000 meter ”fritt fall” rett ned i Helgedalen. (Fra det aller første Fanaråken Duatlon i 2003) Foto: Christian Prestegård
er lagt til ”Saudehornet rett opp” i Ørsta 5. august. (). Saudehornet rett opp innleiar den store motbakkeløpmånaden august som blir ein travel månad med unike (t)oppturar kvar helg og avslutning med torsdagsløp i Oslo 31. august kl. 18.48 ! Motbakkebevegelsen i Noreg er på kraftig opptur og rasar vidare frå Ørsta 5. august til Fanaråken 12. august, Skåla 19. august , Tromsdalstind 26. august og til årets store nyskapning Tryvannstårnet Opp i Oslo 31. august.

Evt. spørsmål kan rettast til arrangøren ved løpsleder
Anders Fortun , tlf.91870044 , e-post: a-fortun@online.no
el. til leder i Norges Fri-idrettsforbunds utvalg for motbakkeløp,
Christian Prestegård, tlf. 99521199 , e-post: christian@prestegaard.no